Hopp til innhold

Geolog er venta til rasstaden mellom Askvoll og Førde

Fylkesveg 609 er stengd ved Hundsåna mellom Askvoll og Førde etter eit jordras.

Ras ved Hundsåna

STENGT: Vegtrafikksentralen fekk melding om jordraset like før klokka 05 tysdag morgon.

Foto: Marta Osland Lavik

– Det var litt ekkelt då eg kom og såg det var gått eit ras. Eg tenkjer ofte at det kan gå ras, så det var berre å snu så fort eg klare og komme seg vekk frå området, fortel Marta Osland Lavik som var på veg til jobb då ho brått fekk auge på raset over fylkesveg 609 ved Hundsåna.

Meldinga om raset kom inn til Vegtrafikksentralen klokka 0458. Meldar opplyste at raset var om lag 10 meter breitt, og ikkje vere passasje.

Geolog er venta til rasstaden

Ein geolog er venta til Hundsåna i 8-9-tida. Så vegtrafikksentralen håpar å få opna vegen i løpet av føremiddagen.

– Eg såg berre tre, men det har sikkert komme stein også som ligg nedanfor vegen. Men det var så stort at nokon måtte komme og rydde.

I følgje Statens vegtrafikksentral var mannskap på plass i 06.30-tida.

Få oppdaterte trafikkmeldingar her.

Kunne ikkje starte ryddinga

– Dei har fått beskjed om å ikkje føreta seg noko før ein ser korleis sleppstaden er, så det er usikkert kva tid vegen blir rydda, opplyser vakthavande ved Vegtrafikksentralen.

For Marta Osland Lavik køyrer pendlarvegen ofte, er ras noko ho fryktar for.

– Det er litt ubehageleg. Eg ser ofte opp for å vere på den sikre sida, så eg ser ofte opp når eg køyrer.

I dag var hennar første tanke å få ringt 175 for å varsle om raset.

Hundsåna