Normal

Slik skal dei lade opp til sesongen

Sogndal har langt på veg spikra oppkøyringa fram mot 2014-sesongen. – Ut frå det vi har hatt tidlegare, så er vi veldig godt nøgde med dette, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Rune Bolseth

MIKS: Etter å ha reist til Drammen to år på rad, får Sogndal og Rune Bolseth generalprøva på heimebane neste år.

Foto: Christian Blom

Klubben startar like over nyttår førebuingane fram mot sin fjerde strake sesong i Eliteserien i fotball.

Allereie i midten av januar pakkar spelarane passa sine og søkjer sol og varme på Gran Canaria. Etter heimkomst står Førde, Fana (truleg 2. laget), 1. divisjonslaget HamKam og Florø for tur.

– Vi tykkjer dette er ein ok oppstart. Kampane mot Førde og Florø gir begge partar kjempeflott sparring. Det er også ein del av fylkestiltaka, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

La Manga Cup

Håvard Flo

NØGD: Sportsleg leiar, Håvard Flo, i Sogndal Fotball.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

18. februar vender fylkes flaggskip i herrefotball på nytt nasen mot utlandet.

Denne gong er det den spanske solkysten og La Manga Cup som lokkar. Her er det førebels ikkje klart kven Sogndal vil møte.

– Her får vi tre Tippeligalag, pluss kanskje eitt utanlandsk lag. Der vil vi få kvass og fin motstand, meiner Flo og viser i tillegg til at dei 8. mars reiser til rosenes by for å møte Ole Gunnar Solskjær sitt Molde. 15. mars vitjar vestlandsrival Brann Fosshaugane.

Generalprøva heime

Dei siste par åra har Sogndal møtt Strømsgodset på Marienlyst i generalprøva før seriestart. I år er det 1. divisjonslaget Hødd som gir trenar Jonas Olsson høve til ein siste finpuss helga før turen går til Bærum og serieopning mot Stabæk 30. mars.

Flo meiner det er heilt uproblematisk å møte eit lag frå 1. divisjon i ei generalprøve.

– No møter vi Brann helga før, og eg veit om fleire andre lag som vel å ha motstand frå divisjonen under i siste kamp før seriestart. Hødd var i år i toppen av 1. divisjon, seier han.

Avtale med Brann

– Uansett så får vi god motstandar og sparring. Kjem vi ut med eit godt resultat, så gjer det bra inn mot seriestarten. Kjem vi dårleg ut blir det full skjerpings i spelargruppa fram til seriepremieren, legg Flo til.

I utgangspunktet var det avtalt generalprøve mot Brann, men då seriestarten vart flytta to veker, var ikkje det lenger mogleg grunna Brann sitt program.

– Vi tykkjer oppkøyringa gir oss ein fin miks med motstandarar. Dette ser bra ut, avsluttar han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune