Hopp til innhold

Bukkene Bruse har vore på rømmen - no er det rett i arresten

– No blir det berre brød og vatn framover, humrar Gunnar Osland frå Kvammen i Askvoll.

Geiter

RØMLINGAR: Dei to geitene har vore vekke, men i dag kom dei heim att til garden. Bukken heiter Svarten, medan sonen enno ikkje har fått namn.

Foto: Gunnar Osland

To av geitene hans har vore på rømmen nokre veker, men i dag kom dei endeleg heimatte.

– Dei har gått i ein flokk med andre geiter i sommar, og så har dei kome vekk frå flokken. Dei blei observerte i beiteområdet for nokre veker sidan. Geitene har slege seg i lag med folk som har vore der og følgt med heilt mot Fossedalen, fortel Gunnar Osland.

Han har ikkje sett snurten av dei sidan 14. august, men dei har mellom anna blitt observert trampande over Dalsfjordbrua. Sjølv har han ikkje kunne vore med å leite fordi han har gått på krykker.

– Eg la ut eit etterlysing på Facebook, og i dag fekk eg beskjed om at dei var i Svelia der rundturen deira starta.

Er veldig folkekjær

Osland som driv med både sauer og geiter, er letta og glad over at dei to er heime igjen.

– Det er ikkje så kjekt å ikkje vite kvar dei er. Dei er heldigvis i fin form begge to. Det skal meir til enn dette, for dei toler å gå åleine.

– Har du vore redd for at ulv skal ha teke dei?

– Nei, det har eg ikkje vore redd for.

Dei to geitene er far og son, og Osland seier at det er særleg bukken som heiter Svarten, som er folkekjær.

– Vanlegvis er dei ein del av ein flokk på rundt 40 dyr. Utfordringar er han likar folk veldig godt.

Må vere skilde framover

No er dei to geitene vel heime, og der blir dei.

– Det er lite hjelp i å vere sint på dei, så no skal dei få kraftfor og vatn. Geiter er kjekke dyr og dei gir meg mykje trim.

Og fleire turar på rømmen blir det ikkje framover.

– Hannane må vere heime fordi brunsten startar. Hodyra skal vere på fjellet til oktober. Om vi ikkje skil dyra, kan det bli kje veldig tidleg. Dette vil vi unngå, for det må vere i kontrollerte former, seier han.