NRK Meny
Normal

Geitene slepp ut i Vågsøy

Vågsøy kommune har etter mange år med forbod gått med på at geiter kan gå ute vinterstid.

Geiter
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Frykt for rosebuskene i kommunen gjorde at saka måtte ha to rundar i kommunestyret før politikarane tok sjansen på å sleppe beitedyra lause.

- Viktig å sikre seg

Men politikarane var skeptiske til kva utegåande geiter kan finne på. Senterpartipolitikar Reiel Fagerlid var ein av dei som meinte at no var det viktig å sikre seg.

- Vi vart litt engstelege for at geitene skulle finne seg andre beitemarker enn der dei skulle gå i utmarka, og då er det bustadfelta våre som er i faresona.

Også ordførar Roger B. Silden meinte at det kunne vere grunn til å be rådmannen sjå nærmare på saka.

- Dei som vil ha desse geitene skal få ha dei, men innanfor gitte område og slik at dei passar på at dei er skikkeleg inngjerda. 

- Framleis uroa

Rådmannen konkluderte til slutt med at hageelskande måløyværingar ikkje treng å frykte at hordar av geiter skal rykke inn i tettbygde strok i kystbyen, Og då vedtok formannskapet samrøystes at geiter i Vågsøy også skal få gå ute vinterstid. Men Reiel Fagerlid er framleis litt uroa over kva geitene kan finne på.

- Ja, viss dei slepp ut store flokkar med geiter skal det godt gjerast å gjerde dei inn. 

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.