Hopp til innhold

Han har aldri klart å slå i hel nyfødde killingar

Pengar får vere pengar når geitekillingane kjem til verda i geitefjøset til Atle Løvland. – Det er forferdeleg å slå i hel nyfødde kje, seier han.

Atle Løvland

ORKAR IKKJE: Atle Løvland har vore geitebonde i 45 år. Han ynskjer at slakteria skal ta imot kje for slakt, som dei gjer med lam.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Geitebonden gjennom 45 år har framleis til gode å slakte geitekillingane med det same dei blir fødde.

– Det har nok kosta meg litt pengar, men det er ikkje noko kjekt å slå killingen i hovudet og hive den ut når det kjem til verda, seier Atle Løvland.

Blir slegne i hel

Kring 150 tillitsfulle småkillingar dansar rundt i geitefjøset i Kandal i Gloppen. Innan eit par veker blir dei kring 200. Løvland har ingen plan om å gjere dei til ein del av den dystre statistikken som TV-programmet Forbrukerinspektørene fortalde om i førre veke.

Nyfødte geitekillinger tas livet av rett etter fødselen, selv om de kunne blitt til nydelig kjøtt. Verpehøner gasses og brennes istedenfor at vi bruker dem til mat. Marit Evertsen Grimstad ser på det skjulte matsvinnet i Norge og prøver å redde 7500 verpehøner fra søpla. (3:4)

SJÅ TV-SAK: Forbrukerinspektørene sette i førre veke søkelyset på dei mange tusen geitekillingane som blir avliva rett etter fødsel.

På landsbasis blir kring 31.000 bukkekillingar slegne i hel fordi dei ikkje kan nyttast til mjølkeproduksjon. Det er heller ikkje økonomi i å slakte dei.

– Det er mjølka vi tener på. Kjøtet tener vi nesten ingenting på. Hadde vi ikkje fått kvalitetstilskot for kje som held ein viss kvalitet, så hadde det ikkje vore økonomi i det. Fôringsutgiftene er høgare enn oppgjersprisen vi får hos slaktehuset, seier Løvland.

Atle Løvland

GEITEFJØSET: Atle Løvland meiner geitene er kvalitet om dei er på matbordet eller er på beite. – Du får ikkje betre landskapsryddar enn desse kjea, seier han.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Vi har prøvd

Løvland meiner råvara burde vore betre utnytta.

– Etter mitt syn er det slakteria som ikkje har gjort jobben sin. Det er dei som må ta tak i det, seier han.

Fabrikksjef Eivind Fonn hos Nortura i Førde forstår at folk reagerer på at killingar blir slegne i hel etter fødsel, men meiner at Nortura verkeleg har prøvd.

– Vi opplever marknaden som vanskeleg og har jobba tett mot fleire kundar. Det blir slakta og omsett mykje meir enn før, men det er ein tung marknad, seier han.

Får ikkje omsett

Eivind Fonn

FORSTÅR: Eivind Fonn hos Nortura forstår reaksjonane på at fleire tusen geitekillingar blir slegne i hel. – Dette er produkt som kunne blitt fullverdig kjøtprodukt, så det forstår vi, seier han.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Fonn er samd i at kjøtet blir betre om killingane får vekse seg større.

– Men skal ein auke frå fem-seks kilo, der dei fleste kje ligg no, til ni-tolv kilo, så har vi dobla volumet ut i ein marknad der vi slit med å omsetje, seier han avsluttar:

– Då får vi ikkje omsett kjea. Marknaden ynskjer ikkje så tunge dyr. Vi sel mykje av våre kje som heile slakt, og då blir dei for store.