Hopp til innhold

- Må bli billeg å reise kollektivt

Geir Oldeide vil kjempe for betre og billegare kollektivtilbod i Sogn og Fjordane.

Geir Oldeide
Foto: Kristin A. Oldeide

Vi har spurt toppkandidatane kva dei meiner om nokre aktuelle problemstilingar for Sogn og Fjordane.

Høyr portrettet med Geir Oldeide

1. Kor aktuelt meiner du det er å bruke bompengar i fylket for å betale for samferdselsprosjekt?

– Det har vore og vil fortsatt vere aktuelt. Desverre.

2. Kva meiner du bør skje med den planlagde 420 kV kraftlinja tvers gjennom fylket?

– Den må stoppast.

3. Kva vil du gjere for få slutt på fråflyttinga frå fylket?

– Rette opp skeivheita slik at kommunar og fylke får større del
av felleskaka. Det vil gjere det meir attraktivt å slå seg ned i fylket.

4. Kva meiner du må gjerast for at Helse Førde skal kome ut av dei økonomisk problema?

– Legge ned helseføretaka og få dei andre politikarane til å
innsjå at helse ikkje skal vere butikk.

5. Kva er det viktigaste du som politikar vil gjere lokalt for miljøet?

– Kjempe for betre og billegare kollektivtilbod.

Litt meir personleg:

1. Kva har vore avgjerande for partivalet DITT?

– Ærligheit.

2. Kva sak er den viktigaste for DEG å kjempe for dei neste fire åra?

– Gode felleskapsløysingar på dei utfordringane utkantane får framover.

3. Kva er viktigast for deg i valet av politiske samarbeidspartnarar?

– Ærligheit og ryggrad, i tillegg til nærleik politisk.

4. Kva parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?

– Vanskeleg å seie på førehand. Vil ikkje utelukke nokon.

5. Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Er mest ueinig med FrP, men har lokal erfaring med at det også går fint an å samarbeide med dei i einskilde saker.