NRK Meny
Normal

Venta sherpaer frå Nepal til Noreg i mai – no veit han ikkje kva som skjer

Geir Vetti frå Skjolden i Luster lir saman med innbyggjarane i Nepal. 8. mai skulle han teke i mot den første puljen med sherpaer som i sommar skal utbetre stiar i den norske fjellheimen.

Geir Vetti kaller seg Husdoktor.

VIL HJELPE: Geir Vetti seier han vil gjere det som står i hans makt for å få sherpaene til Noreg så raskt som råd. I sommar står mellom annan Kjerag og Preikestolen i Rogaland, arbeid i Hardanger og den Gamle Kongeveien over Filefjell for tur.

Foto: Rune Hansen / NRK

Over 3200 er så langt stadfesta omkome etter det massive jordskjelvet i Nepal laurdag. For fjellbonden Geir Vetti Luster gjer det ekstra vondt å sjå dei sterke bileta frå landet.

Han kjenner mange som er råka av jordskjelvet.

– Det er heilt frykteleg, men det er tryggande at ingen av dei er drepne eller alvorleg skadde. Det er veldig kjenslevare folk dette, så eg kjenner på kroppen korleis dei lir, seier han.

Berga så vidt livet

Ruiner i Nepal

ØYDELEGGINGAR: Jordskjelvet hadde episenter 80 kilometer frå Katmandu, i Lamjung i Gorkha-distriktet. Øydeleggingane er betydelege.

Foto: NAVESH CHITRAKAR / Reuters

Vetti er bindeleddet mellom landsbyen Khunde i Himalaya og norske fjell . I fleire år har han henta sherpaer frå Nepal til Noreg. Her har dei mellom anna utbetra stiar til Galdhøpiggen og Glittertinden, Skålafjellet , Fannaråki og Stoltzetrappene i Bergen.

Tre timar etter det første store skjelvet, var Vetti på telefon med kontaktpersonen i Nepal. Allereie då fekk han skildra enorme øydeleggingar i hovudstaden Katmandu.

Created by InfoDispatcher

PANIKK: Overvakingskamera viser mellom anna panikkslagne restaurantgjester som prøver å komme seg ut av den ristande bygningen i Katmandu.

Nepal Earthquake

LEIRAR: Mange hus er så øydelagde at folk ikkje kan bu i dei. Det er etablert fleire leirar for dei jordskjelvråka.

Foto: Niranjan Shrestha / Ap

– Han berga så vidt livet og ringde heim til landsbyen i Solokhumbu. Der var det store skadar på bygg, men ingen liv hadde gått tapt, seier Vetti.

Omkom i snøskred

Kontaktpersonen var allereie då kjend med at mange av sherpaene hans hadde forulukka i snøskreda som jordskjelvet utløyste i Mount Everest. Her omkom minst 17 menneske.

QUAKE-EVEREST/ File picture shows climbers walking towards their helicopter after their Mount Everest expeditions were cancelled in Solukhumbu district, Nepal

SNØSKRED: Fleire snøskred råka ei rekkje basecampar i Mount Everest.

Foto: STRINGER/NEPAL / Reuters

– Sherpaene vi nyttar bur hovudsakleg i ein landsby i Solokhumbu, ein dal opp mot Mount Everest. Eg har forsøkt å ringe, men no er telefonsambandet nede. Det skal vere store øydeleggingar, seier han.

8. mai skulle dei første sherpaene komme. Deretter ei pulje 18. og 20. mai. No er det uvisst når dei kjem.

I sommar blir det lagt steintrapper på endå ein gammal ferdselsveg opp til Jostedalsbreen.
Fire sherpaer har no teke fatt på den brattaste stien.

FJELLFOLK: Sherpaene er ekspertar på å byggje stiar i fjellheimen. I sommar står fleire prosjekt for tur i Noreg. Videoen er frå arbeidet med steintrappa opp Lundeskaret i Luster.

– Eg håpar og trur at dei kjem, men at det blir forseinkingar, seier Vetti.

Sherpaer byggjer sti til Styggevatnet

FLINKE: Sherpaene er spesialistar på å byggje stiar i fjellheimen. Her byggjer dei sti til Styggevatnet i Jostedalen.

Foto: Statkraft

Hovudflyplassen, som er einaste internasjonale flyplass i Nepal, har vore stengd. Vetti seier han har ein plan-B for å få sherpaene til Noreg, å busse dei til New Delhi i India.

Vetti meiner arbeidet er viktig for sherpaene i den situasjonen dei er i. På ei veke tener dei like mykje som på eitt år i heimlandet.

– Eg skal bidra økonomisk, og det er det mange som vil. Men eg trur det viktigaste bidraget er at dei kjem til Noreg og jobbar. Det er der dei får dei største pengane og eg vil bidra med det som står i mi makt for å få dei hit så raskt som mogleg, avsluttar Vetti.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser