Hopp til innhold

Gebyrtabbe av departement

Nærings- og handelsdepartementet gløymde fiskarlaget som høyringsinstans då dei vedtok nye gebyrsatsar. Fleire fiskarar fekk difor hakeslepp då dei nyleg såg årsgebyret.

Leiar i Norges fiskarlag, Reidar Nilsen, er lite nådig etter at departementet vedtok nye gebyrsatsar på fiskebåtar, utan at fiskarane fekk uttale seg før fristen.

Kritikkverdig

Då departementet oppdaga feilen sendte dei ut eit nytt høyringsbrev, men då hadde fiskarlaget ferie og rakk aldri å svare før den nye fristen gjekk ut. Nilsen fortel at enkelte set att med ei ekstrarekning på 10.000 kroner. Særleg dei små båtane fekk ein kraftig smell.

- Det er under all kritikk det som har skjedd, at ein ikkje oppdagar at dei som er storforbrukarar av dette skal vere med som høringsinnstans, seier han.

Ynskjer dialog

Statssekretær i Nærings og handelsdepartementet Frode Berge vedgår tabben og legg seg flat for kritikken. No ynskjer departementet å møte fiskarlaget. Ynskjet er gjensidig. Nilsen meiner fiskarane er i ferd med å få knekt nakken på grunn av gebyra til staten. Enkelte betalar så mykje som 100.000 kroner i året. Fiskarlaget ynskjer møte med departementet for å unngå at fiskarane vert sitjande att med rekninga.

- Det er avgrensa kva ein kan hente frå havet. Alt råstoff vi har lov til å hente opp for å betale det meste, har si klare avgrensing i form av kvote. På eit eller anna tidspunkt klarar vi ikkje dette økonomisk, seier han.