Hopp til innhold

Gåvmild bergensar sikra at kunstmuseet fekk sitt første Tunold-bilete

FØRDE (NRK): Kunstsamlar Johan Fredrik Kroepelien donerte fredag eit sjølvportrett av Selje-kunstnaren Bernt Tunold til Sogn og Fjordane kunstmuseum. Museet har tidlegare fått kritikk for ikkje å ha kunst av Tunold, som vert rekna som ein av dei fremste målarane på 1900-talet.

Donerte Tunold-maleri til Sogn og Fjordane kunstmuseum

FEKK BILETE: Forfattar Jan Landro, adm. dir for musea i Sogn og Fjordane Kjartan Aa Berge, Johan Fredrik Kroepelien og Janne Leithe som er direktør for Sogn og Fjordane kunstmuseum.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg meiner at Tunold krev merksemd. Han har så høg kvalitet i kunsten sin at han skal og bør og må oppgraderast, seier Kroepelien.

Den rause bergensaren vart overraska då han vart kjent med at Sogn og Fjordane kunstmuseum ikkje hadde eit einaste måleri av Selje-kunstnaren. Han sa då at: «Eg har Tunold-kunst og vil gjerne gi vekk eit kunststykke». Som tenkt så gjort.

– Eg kom då i kontakt med museumsdirektør ved Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde, Janne Leithe, ho fekk sjå dei bilete eg hadde og meinte at det som passa best var eit sjølvportrettet av Bernt Tunold.

Ukjent for mange

For mange var Bernt Tunold eit ukjent namn fram til Jan Landro i fjor gav ut bok om Selje-kunstnaren.

  • Les også:

– Eg syntest at han fortente å verte løfta fram, seier Landro.

Landro er tidlegare kulturredaktør i Bergens Tidende og er ein av landets fremste ekspertar på Tunold.

Bernt Tunold (1877 – 1946) har laga minst 750 bilete. Dei fleste med motiv frå Vestlandet Landro meiner at dersom ein ser på eit tverrsnitt av produksjonen hans, så held bileta høg kvalitet.

– Svært høg kvalitet på det beste. Det er no ein gong slik at kunstnarane skal vurderast ut frå det beste dei lagar. For alle lagar middelmådige og dårlege ting også. Men Tunold er ein kunstnar som fortener å leve lenge enno, seier Landro.

«Ein skandale»

I fjor karakteriserte Landro det som ein skandale at Sogn og Fjordane kunstmuseum ikkje hadde eitt einaste måleri av Bernt Tunold. Det var på eit av føredraga til Landro om Tunold at Kroepelien, frå bakarste benk sa at han ville gi vekk eit bilete.

–Då vart eg oppriktig glad og tok kontakt med Janne Leithe ved Sogn og Fjordane kunstmuseum, seier Landro.

Fekk velje bilete

– Det var eit vanskeleg val, så eg tok ein prat med Fritjov Urdal som kjende betre til kunstnarskapet til Tunold enn meg. Vi vart samde om at dette portrettet var interessant for oss. Så når han ser på oss med litt sånn triste augo så føler vi at vi er i gang med å ta ansvar for kunstnarskapet han, seier Leithe.

Leithe seier det no er aktuelt med ei større utstilling med Tunold-bilete.

– Det er det absolutt. Vi har allereie snakka med både Johan Fredrik Kroeplien og Jan Landro som har forska på Tunold, og veit kvar alle verka er. Eg trur vi har fått med oss eit godt team til å få gitt ein god presentasjon av kunstnarskapet til Bernt Tunold, seier Leithe.