Fylkesmannen krev betre rutiner for informasjon

Helse Førde informerte ikkje pasienten godt nok om konsekvensane før operasjon.

Førde sentralsjukehus mai 2015

IKKJE FORSVARLEG: Fylkesmannen gir Helse Førde kritikk for å ikkje ha informert godt nok før ein operasjon.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Informert samtykke er kjernen i all behandling. Helse Førde mangla dette før dei opererte handleddet til ein pasient. Derfor var helsehjelpa dei gav ikkje forsvarleg.

Fylkesmannen

Det er fylkesmannen som kjem med kritikk av måten Helse Førde informerte ein pasient før ein operasjon av eit handledd.

Pasienten hadde eit komplisert brot i handleddet. Før operasjonen vart ikkje pasienten informert om skaden, omfanget, behandlingsalternativ og risiko for komplikasjonar, skriv Fylkesmannen.

Fylkesmannen presiserer at sjølve operasjonen vart gjort på fagleg forsvarleg vis.

Konklusjonen er samla sett at helseføretaket ikkje har behandla pasienten forsvarleg.

No vert Helse Førde bede om å gå gjennom hendinga og gi tilbakemelding om korleis dei skal unngå at slikt skjer igjen.

Helse Førde hadde fredag ikkje høve til å kommentere saka.