Gav husrom og hjarterom til kollsegla franskmann

Då 25 år gamle Jonathan Monteil frå Frankrike kollsegla på sin motorlause segltur langs kysten av Norge, tok ein familie i Berle i Bremanger han inn i varmen. Denne helga har det blitt Halloween på Kalvåg og basar i Berle.

Jonathan Monteil

EIN OG EIN HALV TIME: Det var ein lang kamp før Monteil kunne leggje til kai hjå familien Ytre-Hauge. Ein og ein halv time brukte han for å få båten på rett kjøl.

Foto: Privat
Eirik Hildal
Journalist

Det vêrharde Vestlandet er ikkje å spøke med, og fredag vart det svært så dramatisk då 25-åringen skulle gjennom Frøysjøen i Bremanger i stormen.

– Eg starta frå Ålesund og visste at det kom ein storm i helga. Eg passerte Stad natt til fredag, men held fram heile dagen fordi det blåste lett. Men på ettermiddagen blåste det plutseleg opp, og denne båten er veldig lett, fortel Jonathan Monteil.

Kjempa i ein og ein halv time i sjøen

Han har segla frå sommarjobben på Sommarøy i Tromsø, og målet er heimlandet. Men i Berle tok naturen overhand.

– Vinden kom litt frå alle kantar, og plutseleg kom ein sterkare enn dei andre. Så var eg i vatnet, slår han kort og godt fast.

Jonathan Monteil

FINARE TIDER: Her, lenger nord i landet, var sjøen langt meir stille enn den dramatiske fredag ettermiddagen i Bremanger.

Foto: Privat

Heldigvis var han som alltid festa med band, og fekk klatra opp på skroget. Deretter byrja den utfordrande jobben med å klare å snu båten.

– Eg jobba i ein og ein halv time for å finne ein god måte å gjere det på. Eg såg nokre båtar, til og med ein redningsbåt, som passerte 600 meter vekke. Eg signaliserte og var sikker på dei såg meg, men det gjorde dei ikkje. Til slutt fann eg ein måte å snu på, forklarar Monteil om den dramatiske stunda.

Jonathan Monteil

VAKKER NATUR: Monteil har fått mange vakre naturopplevingar på turen gjennom Norge, men no er han usikker på kor mykje lenger turen blir.

Foto: Privat

– Han er hyggeleg og hjelpsam

Han kom seg til land og køyrde rett til første kai og hus. Det var kaien og huset til Eli Siv Ytre-Hauge og familien. Monteil heiv seg rett i teltet og sov natta over, men frå laurdag har han vore del av familien.

 Jonathan Monteil

PÅ BASAR: Jonathan Monteil.

Foto: Anne Kristoffersen

– Han har sove i hus og vore med på aktivitetar. Vi hadde to ungar som skulle til Kalvåg på Halloween. Vi har vist han rundt på Kalvåg, vist han Grotlesanden, og han har sett Berle. På søndag var vi på basar, fortel Ytre-Hauge.

Ho har berre fine ting å seie om gjesten, og kallar han hyggeleg og hjelpsam. Godorda blir gjengjelde.

– Dei har tatt godt i mot meg og hjelpt meg, og det er veldig fint gjort. Det er ei fin øy med fine folk. Det var ein god plass å stoppe når ein først skal kollsegle. Det er fint å sjå korleis dei lever og vere ein del av det, seier Monteil.

Båten hans går på vindkraft og padling, og vêret ser ikkje ut til å la han segle vidare før onsdag. Målet er framleis Frankrike, men den unge seglaren seier vêret avgjer.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.