Hopp til innhold

Sønnavinden fekk han nesten til å gi seg...

– Eg må no bruke båten til noko, tenkte Gaute Losnegård (44) og såg på trebåten sin. No fører rå muskelkraft han sjøvegen frå Holmedal til Bergen.

Gaute Losnegård

ROR: Gaute Losnegård har teke båten sin med på ein litt lenger rotur enn det som opprinneleg var tenkt.

Foto: Privat

I vinter har Gaute Losnegård sete timevis på romaskin. Og i vår har naboane i Holmedal sett noko så sjeldan som ein robåt på fjorden.

– Dei har nok undra seg over kva galning som driver på med dette, ler 44-åringen som laurdag sette seg i robåten på nytt. Då med Bergen som mål på 3,5 døgn.

Båten kjøpte han i fjor til mindre småturar, samt til bruk for borna. Båtmotoren som også vart kjøpt inn, er ikkje med på den litt strabasiøse byturen.

– Det var berre ein idé som dukka opp. Eg kjøpte meg trerobåt i fjor, men har ikkje brukt den så veldig mykje til no. Dessutan likar eg å reise på slike turar, seier Losnegård til NRK.no.

Kraftig vind

Gaute Losnegård

LEGG FRÅ: Gaute Losnegård starta laurdag på roturen frå Holmedal til Bergen.

Foto: Privat

Han er i sørenden av Krakhellesundet, og har Sognesjøen liggande framføre seg. På veg til vestlandshovudstaden mellom dei sju fjell har Losnegård møtt på kraftig motvind.

Den varsla nordavinden har uteblitt, medan sønnavinden har vore kraftigare enn varsla.

– Det har vore sønnavind begge dagar, så eg har faktisk vore nær å gje opp ved eitt par høve. I Dalsfjorden, ved Vårdal teglverk, så kjendest det ei stund ut som om eg berre låg i ro. Det gjekk nesten ikkje framover. Då er det veldig tungt, seier han og vedgår at slikt tærer på motet.

Tidsskjema

– Når det stilnar, så er det kjekt. Søndag morgon var det sol og heilt stille og flott blank fjord. Då var det fint til eg kom ned her, held Losnegård fram.

Planen om å nå Bergen på 3,5 dag, ser ut til å sprekke. 44-åringen bur seg på ytterlegare ei overnatting i teltet han har med seg, men trur roturen vil gå radig når han først kjem sør om Sognesjøen.

– Dette er nok den verste og største biten. Fensfjorden og Bufjorden er kortare, seier Losnegård og reknar med at roinga vil gå radig når han først er på sørsida av Sognefjorden.

– Blir ikkje noko trend

– Eg kjenner det i armane og nakken. Det vil jo vise seg om roinga i vinter og kveldstimane på fjorden er nok, men eg har ikkje hatt noko samanbrot endå, humrar Losnegård.

Og ser fram til å komme til Bergen. Han garanterer at han ikkje skal ro tilbake.

– Då skal eg på Nattjazz, så då skal dette feirast, ler han.

– Er det fleire roturar du kunne tenkt deg å gjennomført?

– Det har eg ikkje tenkt så mykje på. Men om det blir ein trend med veldig mykje roturar, det er eg ikkje sikker på.