Gaute er klar for gruveaksjon for fjerde gong

Han har alt betalt fleire tusen kroner i bøter, men Gaute Eiterjord er igjen klar til å lenke seg fast mot gruvedeponi.

Gaute Eiterjord og Torgeir Vestre aksjonerte på Engebøfjellet

AKSJONERTE: Gaute Eiterjord og Torgeir Vestre (til venstre) aksjonerte mot gruveplanane i Førdefjorden, ved å lenke seg fast til anleggsmaskinane på Engebøfjellet. No er Eiterjord klar til å lenke seg fast ved Nussir-gruva i Finnmark.

Foto: Amanda Iversen Orlich

– No er eg akkurat ferdig med å betale bota frå då eg lenka meg fast for tre år sidan, så det passar bra med ein ny aksjon, seier gruveaktivist og leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord.

Han protesterer på at selskapet Nussir ASA har fått lov til å satse på fjorddeponi når dei skal drive kopargruve ved Repparfjorden i Finnmark.

Det betyr at når dei er ferdig med å ta ut kopar frå råstoffet, kan restane blir lagra i eit deponi på botnen av fjorden.

– Det vil forgifte fjorden og skade fisken. Både Repparfjorden og Førdefjorden er nasjonale laksefjordar, og det kan også skade gyteområdet til kysttorsken, seier Eiterjord.

Tre gonger har han lenka seg fast mot planane om gruvedrift og fjorddeponi i Førdefjorden. Han gir seg ikkje.

Men professor emeritus i geologi ved Universitetet i Oslo Per Aagaard, meiner at fjorddeponi er ein forsvarleg måte å drive gruvedrift på.

– Å lagre gruveavfall i fjorden er ein mykje betre løysing for miljøet enn å lagre avfallet på land, seier professoren.

Gaute Eiterjord aksjonerar på Engebøfjellet

FEKK STORE BØTER: Gaute Eiterjord og dei andre aksjonistane fekk store bøter etter at dei aksjonerte på Engebøfjellet

Foto: Amanda Iversen Orlich

Meiner gruvene i andre land er endå verre

Den planlagde gruva i Finnmark skal vinne ut kopar. Aagard meiner at det vil vere stort behov for kopar i framtida, og at løysinga vi har med fjorddeponi i Noreg er mykje reinare og grønare enn måten ein gjer det på i andre land.

– Ein brukar kopar i nesten alt som er elektronisk. Elbilar, datamaskiner, leidningar og mobiltelefonar. Når verda skal bli meir og meir elektronisk i tråd med det grøne skiftet, vil behovet for kopar berre auke. Då vil eg meine at det er betre at vi utvinner kopar i Noreg, her har vi jo eit veldig strengt regelverk.

– Korleis er koppargruvene ute i verda når det kjem til miljøutslepp?

– I utviklingsland er det veldig lite kontroll med utsleppa, men også i USA og Sør-Amerika har kopargruvene ført til store utslepp med negative verknader på dyreliv og natur, seier forskaren.

Rein i Nussir-området

NUSSIR: I Nussir-området i Kvalsund kommune har Nussir ASA fått løyve til å drive kopargruve.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Eiterjord i Natur og Ungdom tykkjer ikkje dette er noko godt argument.

– Vi kan ikkje tillate miljøskadeleg gruvedrift berre fordi andre land gjer det. Vi må finne miljøvenlege måtar å gjere dette på, elles er det ikkje noko grønt skifte, men eit brunt skifte.

Havforskingsinstituttet er kritisk

Eiterjord meiner mellom anna at avfallet kan brukast til andre ting i staden for å bli lagra, og at ein kan bruke opp att meir av koparen som allereie er i bruk. Forskar Per Aagaard er skeptisk til begge deler.

– Problemet er at sjølv om gruveavfall i teorien kan brukast til mykje, er det ikkje lett å bli kvitt den type gruveavfall som ein vil sitje att med i Nussir. Det er tale om knuste steinmassar, som ikkje er særleg anvendeleg, seier han.

Når det gjeld å bruke kopar om att trur han heller ikkje det er mogleg å dekke verdas behov for kopar på den måten.

Eiterjord får derimot støtte frå Havforskingsinstituttet på at fjorddeponi ikkje er noko god løysing.

– Vi har rådd frå fjorddeponi både i Førdefjorden og i Repparfjorden. Vi veit for lite om slike løysingar, og i verste fall er vi redde for at det kan skade fisken, seier forskar Terje van der Meeren ved Havforskingsinstituttet.