Her kjem jordskredet sigande ut i Gaupnefjorden

Gaupnefjorden er grisa til av jordmassane etter skredet som gjekk i Jostedalen tidleg søndag morgon.

Gaupnefjorden

SKIT: Det har tatt nokre timar før elva har tatt med seg jorda frå raset som gjekk i Jostedalen.

Foto: Lars Magne Hunshamar

– Eg tok bilete i 16.30-tida så det har tatt nokre timar før jordmassane har komme ut i fjorden, seier Lars Magne Hunshamar. Han bur på Råum i Luster over 370 meter over havet.

Jordskredet i Jostedalen gjekk i 0930-tida søndag morgon då store jordmassar lausna 700 meter oppe i fjellsida og reiv med seg uthus og sauer på vegen. NVE opplyser at det truleg er vatn frå snøsmeltinga som har fått skredet til å lausne.

No har elvene bidrege til å frakte jordmassane ut i fjorden.

– Eg har aldri før sett fjorden slik før, seier Hunshamar.

Faren for nye jordskred aukar

Tidlegare i dag varsla NVE at sjansen for slike skred aukar og heva beredskapen ved å sende ut ekstra personell for å overvake situasjonen. Særleg i indre Sogn er beredskapen auka.

I tillegg har Meteorologisk institutt sendt ut obs-varsel om store nedbørsmengder i dei same områda. Det kan komme opp mot 50 mm nedbør enkelte plassar. Frykta er at elva som allereie er fulle av smeltevatn ikkje skal klare å ta unna regnvatnet som også er venta.

Eit spennande døgn i vente

For folket langs fjorden er det ei avgjerande natt og dag i vente. Men Hunshamar tar det heile med ro.

– Vi har ikkje noko elv rundt oss her, så vi kan ta det med ro. Trur eg. Men det er jo ille det som har skjedd lenger oppe i dalen, seier han.

Han har ikkje sett drivved eller andre ting i fjorden. Men at den er misfarga av jordmassar er lett å sjå.

Med fjellet Molden rett over fjorden og så høgt som 370 meter over havet har Hunshamar god utsikt over fjorden.

– Frå eg tok bilete har det tynnast ut allereie. Men det driv vidare i fjorden, seier han.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.