NRK Meny
Normal

GAULAR: Sp går i forhandlingar - kan gå mot ordførarskifte

Johnny Kårstad har ikkje vore van med å gå i dress og slips på jobb. Om han blir ny ordførar i Gaular kan det hende han blir å sjå i det litt oftare.

Johnny Kårstad

FRÅ BUTIKK TIL KONTOR: Johnny Kårstad kan gå ein ny kvardag i møte. Her er han på jobb på Yrkesklær i Førde, der han i dag er avdelingsleiar.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Vallogo

– Eg er veldig takksam for at folk har stemt på Senterpartiet og at dei har trua på oss, seier Kårstad natt til tysdag.

Oppteljinga i Gaular var då endeleg klar og viser framgang for Senterpartiet. Med 36,7 prosent er dei største parti. Høgre, som i dag sit med ordførar Mathias Råheim, går tilbake 6,5 prosentpoeng til 30,9 prosent.

– Eg må ærleg vedgå at eg er litt overraska, seier Kårstad om framgangen til Sp på 8,3 prosentpoeng.

Veteranpolitikar Mathias Råheim og Høgre overraska alle med brakvalet for fire år sidan, og Råheim har tidlegare sagt til NRK at han gjerne vil halde fram. Men Senterpartiet sette seg som mål å ta bastionen tilbake, og det har gitt resultat.

Ordførarkandidat for Senterpartiet Johnny Kårstad vil ikkje forskottere noko i forhold til kva som skjer vidare, og vil vente til finteljinga er gjort tysdag.

– Kva med deg og ordførarvervet då?

– He he, eg har ikkje tenkt så langt endå, seier Kårstad som ikkje vil gle seg for tidleg.

Tysdag er det duka for forhandlingar, der Senterpartiet og Arbeidarpartiet allereie har avtalt at dei skal snakke saman. Med Sp sine åtte representantar og Ap sine tre, vil dei to partia med eit samarbeid ha fleirtal i kommunestyret som totalt tel 21 representantar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.