Det var i april 2003 Gaular kommune lyste ut anbodskonkurranse på ombygging og utviding av Sande skule. Konkurransen vart berre utlyst i Firda, og det kom i alt seks anbod.
Lågast anbod
Harald Kapstad AS i Bygstad hadde det lågaste av dei, men kommunen valde likevel Førde-firmaet Åsen & Øverlid AS. Årsaka var at Åsen & Øverlid kunne tilby heile arbeidet ferdig innan 15. desember 2003, medan Kapstad ikkje ville vere ferdig før 1. april 2004.
Sakshandsamingsfeil
Harald Kapstad klaga då saka inn for Klagenemnda for offentlige anskaffelser, som slo fast at Gaular kommune hadde gjort sakshandsamingsfeil, og at det var grunnlag for ei erstatningssak.
Nøgd med dommen
No har Sunnfjord tingrett stadfesta dette, konstaterer advokatfullmektig Bjarte Buanes. Han førde saka for Kapstad, og han er godt nøgd med dommen. Gaular kommune, som frå før er i eit økonomisk uføre, må ut med 260.000 kroner i erstatning pluss sakskostnader på vel 112.000 kroner til Harald Kapstad. Kommunen har enno ikkje teke stilling til om dei skal anke dommen.