Gaular seier nei til bompengefinansiering

Nabokommunen Fjaler sa ja, men i dag sa eit samrøystes kommunestyre i Gaular nei til bompengefinansiering på fylkesveg 57 mellom Dale og Storehaug.

Anita Eide Kvamme

– EI GOD AVGJERD: Varaordførar Anita Eide Kvamme (Ap) meiner vedtaket speglar synspunkta til mange av innbyggjarane i Bygstad.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

Det var på førehand knytt spenning til avgjerda, etter at Fjaler kommunestyre tidlegare i veka sa ja til bompengar.

Spørsmålet om bompengar har vekt sterke kjensler, ikkje minst i Bygstad der det er samla inn over 700 protest-underskrifter.

Forslaget om å sei nei til bompengar var eit felles framlegg frå alle partia i kommunestyret.

– Eg trur det i utgangspunktet kjem av initiativet frå innbyggjarane. Vi er her for innbyggjarane og vi må fronte deira syn, seier varaordførar Anita Eide Kvamme (Ap).

Ho meiner vedtaket i kommunestyret byggjer på synspunkta til innbyggjarane.

– Då meiner eg at det er politikarane sitt ansvar å sei noko om at vi ikkje vil finansiere med bompengar.

Vil ta lenger tid

Varaordføraren er klar over at eit nei til bompengar truleg vil bety at det tek lenger tid å få på utbetra vegen.

– Med den regjeringa vi har i dag og skatteletten som er totalt sett, utgjer det mange milliardar gjennom åra. Det har tidlegare vore med å finansiere vegane våre. For å få veg må vi ha betaling i form av bompengar eller skatt. Difor trur eg vi må vente noko lenger på vegen enn det som er planlagt med bompengar.

Denne uroa deler ikkje ordførar Mathias Råheim (H).

– Bompengane hadde jo berre gjort ein liten del av prosjektkostnaden som er med vegen, viser han til.

Meiner 30 kroner er for lite

Råheim meiner at eit bompengebeløp på mellom 60 til 90 kroner, som var forslaget til Statens vegvesen, ville vore altfor mykje å betale. Formannskapet kom med forslag om å senke prisen ned til 30 kroner, men heller ikkje dette gav utslag.

Mathias Råheim, Ordførar Gaular

TRUR IKKJE PÅ FORSEINKING: Gaular-ordførar Mathias Råheim (H) er ikkje redd for at eit nei til bompengar vil forseinke vegprosjektet.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

– Med 30 kroner ville det vore lite igjen når det var snakk om at pengane skulle gå til vegbygging, seier han.


Råheim meiner dessutan at fleire «smotthol» ville gjort at fleire kunne snike seg unna bommen.

Skuffa Fjaler-ordførar

Kommunestyret i Fjaler stemte i førre veke ja til bompengar. Ordførar i Fjaler, Gunhild Berge Stang (V), er skuffa over vedtaket i Gaular.

– Vi hadde eit håp om å få til eit bompengefinansiert prosjekt langs fv. 57 på både Gaular og Fjaler-sida, men då meiner eg at vi får gå i gang der det er vilje til å få utbetra vegen. Den viljen er i Fjaler og då får vi gå i gang der med utbetringa, seier ho.