Gaular

Gaular er ein kommune med ei svært turbulent politisk historie, men der dei fleste stridar ser ut til å ha lagt deg.

Bygstad med Storehesten
Foto: Ottar Starheim / NRK

 

 

Stridane i Gaular har i hovudsak vore knytta til kampen om Gaular-vassdraget og skule i Bygstad. Den siste resulterte i oppretting av Samlingslista, med den gamle senterpartiordføraren Per Kjelstad som listetopp. Han kom tilbake i ordførarstolen frå den posisjonen.

No er desse stridane historie, men dei stakk djupt. Framleis lever t.d. Samlingslista, og framleis er Per Kjelstad på topp.

Følling favoritt

Senterpartiet satsa for fire år sidan på Jenny Følling som ung arvtakar etter Henrik Lunde som gav seg i politikken. Følling rappa ordførarklubba frå Kjelstad. I Følling-perioden har Gaular greidd å komme eit steg vidare frå den gamle krigstilstanden. Dei fleste vanskelege politiske vedtak er gjort samrøyses eller etter klassiske politiske skiljeliner som t.d. i spørsmålet om eigedomsskatt.

Sjølv om Gaular er ein politisk uberegneleg kommunen der uventa ting kan skje, vil det overraske om ikkje Følling får fornya tillit.

Utfordrarar   

Dersom ein skal sjå etter utfordrarar, kjem ein ikkje unna Per Kjelstad, ein av dei verkeleg drivne ringrevane i lokalpolitikken.

Mathias Råheim (H) stiller også som kandidat. Råheim er mangeårig fylkespolitikar, tidlegare fylkesleiar i Høgre og stortingskandidat, og har prøvd å bli ordførar tidlegare utan å lukkast,  Lite talar for at det skal bli hans tur i år. 

Politisk borgfred

Gaular har vore igjennom ei økonomisk krisetid.  Dei vart ROBEK-kommune der fylkesmannen nekta låneopptak. Men kommunen er mellom dei som har fått betre økonomisk armslag etter regjerignsskiftet og er no ute av ROBEK-systemet. I denne prosessen innførde kommunen eigedomsskatt - til protestar frå H, Krf og Samlingslista. Kanskje vil desse prøve omkamp i valkampen?

Ei anna omstridd sak er dei nye kraftlinene som er planlagt gjennom kommunen. Men her har kommunestyret samla gått inn for eit kompromiss-forslag. Det inneber at de er vanskeleg å komme tilbake i etterkant å fronte strid.

Det teiknar til å bli ein relativt roleg valkamp i Gaular - men det er ein kommune som kan overraske. 

Gaular - kommuneval

 

Ap

SV

SP

KrF

V

H

Andre

1995

12,7

 

36,6

9,2

5,2

9,0

27,2

1999

11,8

 

23,5

10,4

7,3

11,3

35,7

2003

11,0

10,2

31,5

8,9

2,0

9,4

27,3

2007

 8,0

 4,2

44,8

10,6

1,9 

14,5

    -

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.