Hopp til innhold

Gasslukt ved bensinstasjon

Naudetatane rykka ut til mogleg gass- eller propanlukt ved den eine Best-stasjonen i Førde, melder politiet. Det var forbipasserande som melde frå om lukta. – Politi og brannvesen sjekkar no kva som har skjedd, seier Dan Inge Gjesdal ved Alarmsentralen. Det er oppretta ei tryggingssone på 50 meter rundt stasjonen, og to bustader er evakuerte. Klokka 20 melder politiet at årsaka til lukta kan vere to tomme gassflasker som står i området.

Utrykning i Førde
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK