- Dette er eitt av dei mest spennande og interessante funna på norsk sokkel dei siste åra, og ein spennande moglegheit for Hydro som har ein høg eigardel i dette området, seier seier pressekontakt i Hydro, Gisle Johanson.
Det interessante gassfunnet på blokk 35-2 vest av Florø ligg i ein ny del av norsk sokkel som er lite utforska. Hydro har planar om å teste funnet allereie neste år for å sjå kor stort det er og korleis dei kan utnytte det.
Verdien av gassen ligg på opp mot 30 milliardar kroner og er viktig for å utvikle Hydro vidare som selskap, seier Johanson.
For tidleg å snakke om ilandføring
Gassfunn i Nordsjøen er svært interessante for Sogn og Fjordane. Både fylkeskommunen og Fjaler kommune har jobba aktivt for å få ilandført gass til Lutelandet i Fjaler. Men ilandføring frå dette nye feltet er det altfor tidleg å snakke om.
Direktør i Oljedirektoratet, Bente Nyland, er svært glad for at det er funne gass i den nordlege delen av Nordsjøen. Det er lenge sidan sist, og det opnar opp for ny leiting.
Også Olje- og energiminister Thorhild Widvey er veldig positiv til funnet. Det fortel at det er viktig å ha eit jamt og høgt tempo på leiting, seier ho.