- Eg er heilt sikker på at smertegrensa er nådd for mange, og at bøndene føler det er vanskeleg å drive noko større. Det er avgrensa kor mykje folk kan drive ut av brattlent terreng og små teigar i det veret vi har. Eg er litt redd vi ikkje skal klare å følgje utviklinga her på vestlandet.
Det seier Kjell Magne Åshamar, som er bonde og leiar i Bondelaget på Eid. Sjølv om det er langt att til Sogn og Fjordane er på høgd med landssnittet, har det vore ein dramatisk auke i storleiken på bruk dei siste ti åra. I 1995 var det gjennomsnittlige gardsbruket på 82 mål, medan det i dag er 124.
Færre bønder
Utviklingssjef Christian Rekkedal ved fylkesmannens landbrukskontor forklarer utviklinga med at det har vorte færre bønder.
Christian Rekkedal
- Hovudgrunnen er at antall bruk som er i sjølvstendig aktiv drift har gått ned. Det betyr at når det totale arealet er det same, blir det meir til kvar enkelt brukar. Når den enkelte driv større areal vil han også få betre økonomi. Økonomien for bøndene varierer frå år til år, men tala frå i fjor viste ein oppgang, seier han. Talet på sjølvstendige, aktive bruk i Sogn og Fjordane har gått ned frå 5.600 i 1995 til 3.700 i dag.
Ikkje auka lønnsemd
Bjarte Nordanger
Oppgang i inntekt skuldast meir produksjon og gunstige renter, men det er ikkje gitt at det held fram slik. Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag Bjarte Nordanger meiner auken i storleiken på bruka berre demmer opp for dårlegare lønsemd i bondenæringa.
- For bøndene har veksten ført til at dei har klart å oppretthalde drift. Oppgangen i økonomien er berre nok til å dekkje nedgangen frå året før. Vi blir færre bønder og må springe fortare, investere i nytt og større utstyr og vi når snart ei grense, seier Nordanger. Han håper no at den nye regjeringa kan bidra til at utviklinga stoggar litt.
Og Kjell Magne Åshamar på Eid seier at økonomien er like dårleg som før.
- Eigentleg er det økonomien som har tvinga folk til å auke storleiken på bruket. Den utviklinga følgjer økonomien og ikkje omvendt. Økonomien er like anstrengt som den var.