Hendinga fann ifølgje Helse Førde stad klokka 1745.
Fire ambulansar, samt akuttlegebilen frå luftambulansen rykte ut til staden, i tillegg til brannkorps og politi. Det var avisa Firda som først skreiv om hendinga.
– Det er snakk om ein toetasjes garasje, der andreetasjen blåste ned. To personar som oppheldt seg utanfor vart skadde, opplyser operasjonsleiar Marianne Føleide til NRK.
To til sjukehus
Helse Førde opplyser at tre personar vart skadde, men at dei har fått inn to personar frå hendinga. Laurdag morgon opplyser AMK at mannen er lettare skadd, medan kvinna er moderat skadd.
– Patruljen har avslutta på staden, så vi har ikkje informasjon om at det er fare for fleire, seier Føleide.
– Situasjonen er under kontroll, opplyser Terje Brandsøy ved alarmsentralen i Florø.
Føleide opplyser at dei elles har fått mange meldingar om tak som har losna og tre og steinras som stengjer veg.
– Vi har meir enn nok med å ta unna telefonane, men har førebels ikkje hatt noko problem med å ta oss fram til hendingane, seier operasjonsleiaren.