NRK Meny
Normal

Garanterer jobb i oppdrett

Oppdrettsselskapet HAVdyrkerne garanterer fast jobb i næringa til fem studentar som fullfører studiet i akvakultur ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Oppdrettsanlegg (Illustrasjonsbilde)
Foto: Illustrasjonsfoto: Roar Greipsland / Scanpix

- Oppdatert kunnskap og kompetanse må til for at oppdrett skal utvikle seg vidare. Vi har tenkt å gi dei ein interessant jobb etter endt utdanning, seier dagleg leiar Odd Johannessen.

 

Spleiselag berga studiet

Akvakulturstudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har slite med å få studentar til studiet i Sogndal. Seinast i fjor ville styret legge ned studiet. Men næringslivet og fylkeskommunen danna økonomisk spleiselag for studiet, og no kjem også næringa sjølv med lovnader.

 

- Vi vil vise at norsk havbruk er meir enn å stå på ein merkant og gi fisken fôr, og vi vil garantere at akvakulturstudentane får ein bra jobb når dei er ferdige  med utdanninga, seier Odd Johannessen. 

Bruk for kvalifiserte folk

For berre tre til fire år sidan sleit laksenæringa med dårlege prisar. I dag er situasjonen ein heilt annan. Prisane er den høgaste sidan 2000, og no har næringa bruk for kvalifiserte folk.

 - Ny dynamikk i næringa

Johannessen er og leiar for nettverket for mindre, familieeigde oppdrettsbedrifter. Han meiner dei unge har noko å tilføre næringa - ei næring som er venta å bli den viktigaste i landet når olje- og gassreservane tek slutt.

- Nye studentar har ein del ny kunnskap, og dei kan tilføre næringa ein ny dynamikk saman med dei som er i bedriftene frå før. I tillegg er det kjekt at vi kan rekruttere folk frå fylket, for det er større sjanse for at dei blir verande, seier Johannessen.

 - Rett å satse på utdanninga

Leiar for Bedriftsnettverk i fylket, Atle Hamar, meiner dette er eit prov på at det er rett å satse på akvakulturutdanninga.

- Det at HAVdyrkerne no garanterer arbeidsplassar er veldig positivt, dei har jo signalisert at dei ville kome med noko, og dette viser at det verkeleg er vilje i næringa til å vere med på eit løft, seier Hamar.