På styremøtet i Helse Vest torsdag vart det lagt fram eit notat om drifta av den nye barne- og ungdomspsykiatriske avdelinga i Sogn og Fjordane. Her vart det gjort klart for styret at dei førebels ikkje kan seie noko sikkert om finansieringa neste år.
Eigne midlar
Men viss det ikkje kjem ein kraftig auke i dei såkalla opptrappingsmidlane til psykiatrien i 2005 - altså nye, friske pengar - må Helse Førde rekne med å finansiere drifta av eigne midlar, går det fram av notatet.
Tore Thorsnes garanterer for drifta. (NRK)
Garanterer
Styreleiar Tore Thorsnes i Helse Førde garanterer likevel for vidare drift:
- Ungdomspsykiatrien har førsteprioritet, så dette skal vi få til, seier Thorsnes.
Det kostar 13,5 millionar kroner i året å halde det etterlengta tilbodet i gang.