NRK Meny
Normal

Garanterer for hovudkontoret i Florø

Fjord1 sitt hovudkontor i Florø skal bestå om Torghatten får kjøpe fylkeskommunen sin eigarpost i selskapet, det lovar konsernsjefen.

Brynjar Forbergskog

GARANTI: Konsernsjef Brynjar Forbergskog seier dei avtalemessig garanterer for at Fjord1 sitt hovudkontor i Florø skal bestå.

Foto: Hildegunn Tjøsvoll / Avisa Nordland

Prosessen rundt eit eventuelt sal av Sogn og Fjordane fylkeskommune sin aksjepost i Fjord1 er den desidert heitaste saka i fylket akkurat no.

Fylkesrådmannen har peika ut transportgiganten Torghatten, med base i Brønnøysund, som kjøpar, men frå fleire hald blir det uttrykt frykt for lokale arbeidsplassar om dette skjer.

I eit brev til fylkesrådmannen garanterer konsernsjef Brynjar Forbergskog for hovudkontoret i kystbyen. Også til NRK seier han at kontoret vil bli som i dag.

– Vi ser at det blir spekulert i at arbeidsplassar vil gå tapt om vi blir kjøpar. Til det vil eg seie at vi avtalemessig garanterer at hovudkontoret blir i Florø , seier Forbergskog.

Fryktar arbeidsplassar skal gå tapt

Fjord1 har i dag hovudkontor i Florø, og ferjeselskapet er ein viktig arbeidsplass i kystbyen. Politikarane i Flora, med unnatak av Frp, krev at fylkeskommunen droppar å selje aksjane. Dei har mellom anna grunngjeve dette med frykta for arbeidsplassane.

– Vi trur at når leiinga sit ein annan stad i landet, så vil også styringa av selskapet bli flytta, sa Flora-ordførar Ola Teigen til NRK.no sist veke.

Allereie same dag som fylkesrådmannen innstilte på sal av Fjord1 til Torghatten, sa konsernsjef Brynjar Forbergskog til NRK at hovudkontoret i Florø og arbeidsplassane skal vere der dei er i dag.

MF Selje på veg over Sognefjorden

ARVESØLVET: Måndag ettermiddag skal fylkespolitikarane etter planen avgjere om dei skal selje det populære arvesølvet til Sogn og Fjordane.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vil byggje selskapet større og sterkare

Forbergskog har dei siste dagane registrert at fleire likevel spekulerer i tap av arbeidsplassar og avviser dette nok ein gong.

– Heile konsernet vårt er bygd opp rundt at det er lokale vedtaksmakt. Dei selskapa vi går inn i ønskjer vi å byggje vidare til større og sterkare einingar, seier Forbergskog til NRK.no.

– Det at vi er gode på drift er veldig viktig, og det oppnår vi berre ved at det blir teke avgjerder lokalt, seier han.

– Ser fram mot avgjerd

I brevet til fylkesrådmannen viser Forbergskog vidare til at dei ser at det blir spekulert i at det er fylkeskommunen eller deira rådgjevarar som har føreslått kjøpsmodellen. Også dette avviser han.

I brevet skriv han: Ut fra ein totalvurdering valgte vi å leggje inn bud på kjøp av aksjer i F1 Holding. Dette fordi vi mener det tjener den videre utvikling av Fjord1 best.

Avgjerda rundt salet har blitt utsett fleire gonger, og det knyter seg stor spenning til om fylkespolitikarane faktisk kjem til å bestemme seg når dei skal ha møte over helga.

– Vi ser fram mot at det blir ei avgjerd på måndag, seier Forbergskog.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.