NRK Meny
Normal

Fylkespolitikarane vil gå vidare med dramatisk kuttliste

Fylkespolitikarane vil gå vidare med kuttlista til fylkesrådmann Tore Eriksen. – Dette er ein jobb vi berre må igjennom, seier Trude Brosvik (KrF).

Finansutvalet i Sogn og Fjordane

GÅR VIDARE: Finansutvalet ser ingen anna moglegheit enn å gå vidare med den dramatiske kuttlista frå fylkesrådmann Tore Eriksen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkeskommunen får 224 millionar kroner mindre i inntekter om fem år , dersom regjeringa får gjennomslag for sitt nye inntektssystem for fylkeskommunane.

I dag jobba finansutvalet seg gjennom punkt for punkt på kuttlista frå fylkesrådmann Tore Eriksen.

– Ein må berre ta innover seg realitetane, og det er viktig å komme fort i gang med arbeidet. Vi må legge vekk litt sånn politisk ditten og datten «og du sa det» og jobbe saman for å få det til, seier fylkesgruppeleiarTrude Brosvik (KrF).

EM får millionen

Einaste endringa i den dramatiske kuttlista er løyvinga til arrangørane bak EM i vektløfting. Stian Grimseth & co. får likevel dei 1,1 millionane som vart løyvd .

Derimot vil dei gå vidare med kutt i tannklinikkar, Olden – Innvik blir ikkje finansiert, Høyangertunnelen må klare seg med 100 millionar kroner og det planlagde Gulatingsenteret blir førebels lagt på is.

– Det er ikkje noko god sak. Dette har eg jobba med først som ordførar og seinare, men eg forstår at vi ikkje kan ta opp meir lån, seier Brosvik om Gulatingsenteret.

Vil ha svar

– Det viktig for meg er å få svar på om dette er mogleg å jobbe vidare med, kommune, stat og private investorar. Det kan vere ein moglegheit. Om ikkje tenkjer eg dette er veldig trasig, legg Brosvik til.

Det har gått berre nokre veker sidan fylkespolitikarane fekk nyhenda bokstaveleg tala midt i fleisen. Kutta vil råke alle tenester, men Brosvik retta under møtet ein varslande peikefinger med tanke på kultursektoren.

– Dette er limet i samfunnet, og kan vere trøysta når det blir kutta overalt elles. Dei kutta eg angra mest på som ordførar, var dei som gjekk til kultur, sa ho.

Truleg nye skulekutt

Leiar i oppvekstutvalet, Norvall Nøringset (SV) ville ha klarsignal på om ein må legge ned skular, eller om ein klarer seg med «ostehøvelen».

– Dei andre i utvalet sa at dei ikkje såg nokon veg utanom kutt. Dei ville ikkje fatte vedtak, men mest truleg går det mot nye skulekutt, seier NRK-journalist Erlend Blaalid Oldeide.

Andre forslag som vart lufta var å gå ned frå dagens 39 til 31 fylkestingsmedlemer. Fylkesrådmannen ynskjer også å halvere partistøtta med 2,2 millionar kroner. Dette ville fylkesgruppeleiarane sjå på saman.

Treng fleire folk

Møtet vart lukka då fylkespolitikarane såg på moglegheiter for å selje seg ut og hente ut utbyte frå selskapa dei eig. Fylkesrådmannen har sagt at dersom ein sel seg ned, eller hentar ut pengar, så må pengane brukast til å betale ned gjelda som fylkeskommunen har.

Eriksen fekk også inntil vidare aksept for å hyre inn eksterne konsulentar for å sjå på kutta.

– No må alle vedtaka greiast ut og formelt vedtakast, seier Blaalid Oldeide.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.