Det trur Eilert Solheim - ein av dei som tok initiativ til underskriftsaksjonen mot flyttinga. - Det vil forfølgje politikarane heilt fram til neste kommuneval, meiner han.
- Sette folkemeininga til side
Sette Eilert Solheim er verje for ein av dei psykisk utviklingshemma som brukar Haugehuset. Han og meiningsfellane klarte å få inn 1375 underskrifter mot flyttinga på to dagar.
Men til inga nytte - og det vil senterpartiet, SV og Ap få merke - trur han. Sjølv om folkemeininga i kommunen er klar og tydeleg, så har likevel representantane til tre parti sett folkemeininga til side.
- Prestisje
Solheim meiner det har gått prestisje i denne saka - og seier at han stiller eit stort spørsmålsteikn ved det som skjer. - Kommunen får 410.000 kroner i statsstønad for kvar av dei psykisk utviklingshemma. Desse midlane kan kommunane fritt disponere, og det er det ein ser resultatet av her, seier han.
No vurderer han og dei andre motstandarane av flyttinga å klage saka inn for fylkesmannen. Det vi er mest i mot er å blande dette saman med ein aldersheim. Både dei eldre og dei psykisk utviklingshemma blir skadelidande når brukarane på Haugehuset blir flytta til Sogndal omsorgssenter, meiner Solheim.