Hopp til innhold

Serverte kaffi til aksjonistane – no serverer han dei søksmål

NAUSTDAL (NRK): Nordic Mining går no til søksmål mot dei som lenka seg fast til anleggsmaskinene på Engebøfjellet. Det stadfestar direktør Ivar Fossum i dag.

Ivar Fossum serverer kaffi til aksjonistane

SERVERER SØKSMÅL: 2. februar starta aksjonane mot prøveboring i Engebøfjellet. Då serverte Ivar Fossum kaffi til aksjonistane. No vil han servere dei søksmål.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi vil krevje økonomisk erstatning. Dette har pågått over veldig lang tid, og gått frå det som kunne vore ei enkel markering til noko som har kosta oss betydelege beløp, seier Fossum til NRK.

Under eit møte i Naustdal i dag, la ikkje Fossum skjul på at han meiner at aksjonistane har kosta Nordic Mining mykje tid og mykje pengar. Han har tidlegare varsla eit mogleg søksmål. No stadfestar han dette.

– Veldig frustrerande

– Det er utfordrande når folk har lagt ned mykje tid og krefter i å planleggje ei geologisk undersøking og vi blir hindra i å gjennomføre ei lovleg undersøking. Det opplever vi som veldig frustrerande og det kostar sjølvsagt mykje pengar. Det har forseinka oss i betydeleg grad.

– Kor mykje har det kosta?

– Vi har ikkje full oversikt over det. Vi er framleis midt i boreprogrammet og er framleis usikre på kor forseinka vi blir. Vi kjem til å fremje søksmål mot dei som har lenka seg fast. Eg meiner aksjonane er ei undergraving av demokratiet.

Aksjonerer på Engebøfjellet

KAN BLI DYRT: Nordic Mining varslar no søksmål mot dei som lenka seg fast i anleggsmaskinene på Engebøfjellet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Reagerer sterkt på søksmål

Hittil har politiet skrive ut bøter på totalt 800.000 kroner til dei ulike aksjonistane, som sidan 2. februar har lenka seg fast på Engebøfjellet.

Leiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær, er ein av aksjonistane som har blitt bøtelagt. No reagerer ho sterkt på nyheita om at Nordic Mining vil gå til søksmål.

– Eg tykkjer at det er hårreisande å høyre at Nordic Mining vil saksøke dei personane som av personleg og moralsk overtyding har sett seg ned framfor anleggsmaskinene for å stogge det vi meiner er øydelegging av miljøet, seier Skjoldvær.

Ivar Fossum i Nordic Mining

VIL SAKSØKE: Ivar Fossum i Nordic Mining i Naustdal i dag.

Foto: Bård Siem / NRK