Fylkeskommunen går til sak mot kraftgigant

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil hindre at aksjane hamnar på hender utanfor fylkesgrensene.

Reperatører BKK

KRAFTIG KRANGEL: Kven skal bestemme over krafta som blir produsert i Sogn og Fjordane? Denne striden kan no hamne i retten.

Foto: Inger Åse Skage / NRK

Fylkesutvalet heldt ei lukka møte i Førde måndag morgon. I ei pressemelding frå møtet kjem det fram at fylkeskommunen går rettens veg for å få avgjort om BKK kan gjere forkjøpsretten gjeldande dersom fylkeskommunen overfører aksjane i Sogn og Fjordane Energi (SFE) til kommunane.

Jenny Følling

GÅR TIL RETTEN: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fylkestinget har vore tydelege på at dei vil sikre at verdiane i SFE blir verande i Sogn og Fjordane og ikkje hamnar i hendene på BKK som har hovudsete i Bergen.

– Vi har jobba med ulike modellar. Ein av modellane er å overdra aksjane til kommunane. Då har det oppstått ein tvist om forkjøpsretten, der vi meiner vi har ein modell som ikkje vil utløyse forkjøpsrett, medan BKK meiner det motsette. Difor er det ganske viktig for oss å få ei avklaring på det spørsmålet, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til NRK.

Milliardsummar på spel

I og med at det er milliardsummar som står på spel for politikarane, vel dei altså å late retten avgjere spørsmålet. Men varselet om søksmål er inga krigserklæring frå Sogn og Fjordane, forsikrar Følling. Dei vil uansett snakke vidare med BKK, som alt i dag eig 38,5 prosent av aksjane i SFE.

– Parallelt med dette vil vi snakke vidare med BKK når det gjeld andre modellar og løysingar. Men for oss er det no viktig å få ei avklaring på om vi kan overdra aksjane til kommunane, seier Følling.

Bakgrunnen er regionreforma og fylkessamanslåinga med Hordaland frå 2020. Fylkestinget har heile vegen vore opptekne av å sikre at verdiane som ligg i den fylkeskommunale eigarskapen i SFE-konsernet, skal bli verande i Sogn og Fjordane, skriv dei i pressemeldinga.

– Brukar dei pengane som er naudsynt

Fylkespolitikarane har drøfta ulike modellar for organisering av eigarskapen med BKK for å unngå at spørsmålet om forkjøpsrett kjem på spissen.

– Kva gjer fylkeskommunen om de tapar saka?

– I intensjonsavtalen med Hordaland har vi avtalt at aksjane kan leggast inn i eit fond til bokført verdi som skal styrast av eit fleirtal frå Sogn og Fjordane. Vi har ei løysing i alle tilfelle, men vi ser at ein god modell kan vere å overdra aksjane til kommunane.

– Kor mykje vil det koste fylkeskommunen å føre ei slik sak for retten?

– Vi brukar dei pengane som er naudsynt for å sikre desse verdiane for folk i Sogn og Fjordane. Vi snakkar om store verdiar og då må vi bruke den hjelpa vi trenger for å få dei beste løysingane.

Vil ikkje kommentere saka

BKK er knappe i ordbruken når dei kommenterer saka.

– Vi tek varselet om søksmål til etterretning. Samstundes så har vi ein diaolg med fylkeskommunen som eg oppfattar som konstruktiv. Utover dette ønskjer ikkje vi å kommentere saka, seier konserndirektør for kommunikasjon, Tonny Nundal til NRK.