Hopp til innhold

Går til sak mot jordbærbonde

Fellesforbundet kjempar fem polakkar si sak.

Utanlandske arbeidarar plukker jordbær.
Foto: Morten F. Holm / Scanpix

Årsaka til at Fellesforbundet i Sogn og Fjordane går til sak mot ein bonde i Lærdal, er for å få utbetalt løn til fem polske jordbærplukkarar.

 

12000 kroner

Ifølgje distriktssekretær Oddbjørn Aalen har dei fem sesongarbeidarane ikkje fått 12 000 kroner i overtidspengar, som dei har krav på.

Etter mykje fram og tilbake fekk dei fem utbetalt minsteløna dei hadde krav på, men overtidsbetaling vil ikkje bonden gje dei.

Fyrste, men ikkje siste gong

No skal altså tingretten avgjerde saka.

-Dette er fyrste gongen Fellesforbundet reiser sak for jordbærplukkarar. Men det vert neppe den siste, seier Aalen.