NRK Meny
Normal

Fotballpresidenten krev oppreising etter korrupsjonsskuldingar

Fotballpresident Yngve Hallén varslar no at han kjem til å krevje erstatning for tort og svie frå Kagge forlag og forfattaren av boka «Fotballagenten Røvarhistorier frå Fotball-Norge».

Yngve Hallén

KREV OPPREISING: Fotballpresident Yngve Hallén.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Når verken forlag eller forfattar i sine tilbakemeldingar til oss vil erkjenne nokon form for ansvar så er eg blitt beden av Hallén om å førebu ei stemning for retten. Det seier Jon Wessel-Aas som er advokaten til Yngve Hallén.

I boka «"Fotballagenten – Røvarhistorier frå Fotball-Norge» kjem det fram sterke skuldingar mot Yngve Hallén. I boka vert fotballpresident Yngve Hallén skulda for å ha motteke 40 000 kroner under bordet for fotballspelaren Piotr Leciejewski i 2008. Desse skuldingane har Hallén avvist på det sterkaste.

Jon Wessel-Aas

GÅR RETTENS VEG: Jon Wessel-Aas er advokat for Yngve Hallén.

Foto: Presse / BingHodneland

– Hallén har opplevde dette som ganske brutalt å bli konfrontert med skuldingar om korrupsjon frå journalistar som har teke imot førehandseksemplar av ei bok. Utan at han har blitt kontakta av verken forfattar eller forlaget som publiserer boka, slik at han har kunne ta til motmæle.

Krev 200 000

Hallen krev no ei økonomisk oppreising frå forfattaren av boka og forlaget. Kravet mot forlaget blir i storleiken 200 000 kroner.

– Dette må vi ta til etterretning, det står ein kvar fritt å saksøke den dei vil. Det seier Erling Kagge i Kagge forlag, som har gitt ut boka.

– No krev jo Hallén 200 000 av forlaget for påstandane om at han skal ha vore involvert i svarte pengar i samband med fotballovergangar?

Erling Kagge

TAR SØKSMÅL TIL ETTERRETNING: Erling Kagge i Kagge Forlag.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

– No er det Yngve Hallén og advokaten hans som påstår at det står i boka at han driv med svarte pengar, i boka står det stikk motsette. Der står det at forfattaren ikkje har grunnlag for å tru at Yngve Hallén driv med svarte pengar, men han gir att ein epost der det går fram at det kan ha vore svarte pengar i Sogndal i den tida Yngve Hallén arbeidde der.

– Målet er å få ein dom som slår fast at det er uberettiga skuldingar som blei publisert, slik at Hallén kan få reinvaska seg, seier Wessel-Aas.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser