NRK Meny
Normal

Går til sak etter dødsulukke

Påtalemakta har stemna både Statens vegvesen og entreprenør K.A. Aurstad for retten. Bakgrunnen er at dei to nektar å betale bøtene dei vart ilagde etter at ein 25 år gamal mann omkom i ei dumparulykke i Dalsfjorden i januar i 2013.

Søk etter sakna dumperførar i Dalsfjorden.

OMKOM: Ein 25 år gammal mann frå Ørsta omkom i januar 2013 i ei dumparulukke i Dalsfjorden.

Foto: Silje Guddal / NRK

Politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes held fast på at anleggsplassen burde vore sikra betre.

– Vi meiner at ein ikkje hadde varetatt tryggleiken til dei tilsette på ein god nok måte, seier Førde Refsnes.

I januar 2013 omkom ein 25 år gammal mann frå Ørsta i ei dumparulykke under bygginga av Dalsfjordsambandet. Etter ulykka fekk entreprenør K.A. Auestad ein million kroner i bot av politiet. Byggherre Statens vegvesen fekk ein halv million i bot.

Ingen av dei har så langt betalt bøtene. Statens vegvesen bad politiet gjere nye undersøkingar.

Politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes

GÅR TIL SAK: Politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi har ikkje funne grunn til å endre avgjerda om å bøtlegge, seier Førde Refsnes.

For retten i september

I september skal retten avgjere om entreprenør og byggherre må betale bøtene. Leiinga i KA. Aurstad stadfestar at dei er stemna, ut over det ønskjer ikkje entreprenøren å kommentere saka.

Statens vegvesen har no hyra inn eit eksternt advokatfirma for å vurdere saka for seg, seier seksjonsleiar på juridisk avdeling Hjalmar Olseth.

– Det er ikkje betalinga som i anførselsteikn er problemet, men det er premissane. Dødsulukker er alvorlege, noko vi har gitt uttrykk for skriftleg, at dette er hendingar som ikkje skal skje og som vi må unngå. Men vi må likevel sjå på premissane, seier Olseth.

Tatt lang tid

Når saka kjem for retten i september har det gått over to og eit halvt år sidan dødsulykka.

– Det er nok fleire grunnar til det. Det er både framdrifta i etterforskinga, men det er og slik at det har tatt tid å få svar frå dei bøtelagde om korleis dei stiller seg til det.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.