Går til Høgsterett

Berit Grønnestad på Sandane i Gloppen gjer no alt ho kan for at hunden hennar Quercus ikkje skal bøte med livet etter ei rettsleg avgjerd om avliving. I 2017 beit hunden eit lam i halsen, etter at Grønnestad sklei og mista grepet om bandet som hunden var festa i. No klagar ho avgjerda til Høgsterett då ho meiner avgjerda er teken på feil grunnlag.

Berit Grønnestad
Foto: Sondre Dalaker / NRK