Styreleiar i GMU, Helge Haukeland, seier private investorar alt har meldt si interesse, og generalforsamlinga har gjeve styret frist til 1. juni med å stable på beina ei løysing.
- I høve til positive innspel vi har fått dei siste dagane, er det godt grunnlag for å gå ut og føre samtaler i alle fall, seier Haukeland.
Få og små bidrag
Gulen og Masfjorden Utbyggingselskap er i økonomisk krise, og hadde bede eigaren om seks millionar kroner i utvida aksjekapital før generalforsamlinga fredag. Men slik gjekk det ikkje. Gulen kommune såg seg berre råd til å bidra med 400.000 kroner av dei 1,6 millionane dei var bedne om.
Naboane Masfjorden gav litt meir, 600.000 kroner, medan fylkesutvalet i Sogn og Fjordane knytte pengesekken heilt igjen. Mest truleg vil fylkestuvalet i Hordaland gjere det same.
Manglar 3,2 millionar
Med 1, 8 millionar frå Siva som er den største eigaren, manglar der dermed framleis 3,2 millionar kroner, som no må hentast frå det private. Dette har dei to eigarkommunane vore skeptiske til.
- Ja, der ligg jo føringar mot dette, men vi får sjå kva vidare samtaler fører til. Industriområdet ligg der og er absolutt interessant, så eg vil sjå det som ei god løysing dersom vi får til ein avtale, avsluttar Helge Haukeland.