Hopp til innhold

Natur og Ungdom skuldar gruveselskap for skittens spel

Natur og Ungdom skuldar gruveselskapet Nordic Mining for å bruke hjertepasientar til sin fordel. Dette blir gjort for å «grønmåle» det omstridde gruveprosjektet i Vevring, meiner miljøvernorganisasjonen.

Engebøfjellet og hjertepumpe av titan

TITAN: Titanmetall blir brukt i mange typar implantat og proteser. Natur og Ungdom skuldar Nordic Mining for skittent spel etter at dei har laga ein nyheitsartikkel og video om dette.

Foto: Montasje: Illustrasjon Nordic Mining/Newswire

I ein nyheitsartikkel fortel gruveselskapet korleis kroppsdelar av titan stadig oftare blir løysinga når helsa sviktar. Mange norske hjertepasientar blir redda av ei hjertepumpe laga av titan, eit stoff det er stor internasjonal konkurranse om.

I artikkelen kjem det vidare fram at ein av verdas største førekomstar av titanråstoffet Rutil finst i Engebøfjellet i Vevring.

Første nestleiar i Natur og Ungdom, Mari Winsents, karakteriserer dette som skittent spel i ei sak som Miljøverndepartementet no skal handsame.

– Det vi reagerer på er at Nordic Mining her brukar, eller dyttar norske hjertepasientar føre seg, i ei sak som er veldig omstridd.

– Dette gjer dei på ein slags måte som grønvaskar eller gjer det meir legitimt å drive med denne type verksemd, seier Winsents.

«Vi må belage oss på flere gruver»

Natur og Ungdom er i harnisk over artikkelen og videoen som fortel om fordelane titan kan i samband med hjartetransplantasjonar. Reportasjen er rikeleg illustrert med bilete og video frå det omstridde gruveprosjektet som Nordic Mining har planar om i Vevring.

– Norge og andre land i Europa er storforbrukere av titan og mineraler generelt, og vi må belage oss på flere gruver og steinbrudd i fremtiden, sier Heldal.

Frå artikkelen "Flere reddes av titanhjerte" på Newswire

Legeteamet ved Oslo universitetssykehus som jobber med titanhjerter, mener funnet av titanråstoff gjør det mulig for Norge i mye større grad å ta del i utviklingen innen medisinsk teknologi.

Kommer gruvedriften i Sogn og Fjordane i gang, kan mange nordmenn kanskje få en bit av norsk fjell i en tann, en hofte – eller et hjerte.

Fra artikkelen "Flere reddes av titanhjerte" av nyhetsbyrået Newswire
  • Les artikkelen og sjå videoen på Newswire sine sider her. (Ekstern lenke, NRK står ikkje ansvarleg for innhaldet)

Nordic Mining sine planar om utvinning av mineralet rutil i Engebøfjellet er svært omstridde. Selskapet vil dumpe overskotsmasse i fjorden i mange tiår framover, noko mange meiner vil føre til svært uheldige konsekvensar for livet i fjorden.

Vil vise fram bruksmåtar

Dagleg leiar Ivar Sund Fossum i Nordic Mining avviser at dette er eit forsøk på «grønmåling av prosjektet.

– For det første så meiner vi at prosjektet er eit godt og berekraftig prosjekt slik det er. Men vi synest det er hyggjeleg at mineralet tydeleg har nye måtar å bli brukt på, seier Sund Fossum til NRK.no.

– Dette var ein så gledeleg nyheit at vi ønskjer å vere tydelege på kor viktige dette mineralet kan vere.

– Blir viktigare og viktigare

Denne argumentasjonen har Natur og Ungdom lite til overs for.

– Vi synest det blir å skyve hjertepasientar føre seg i ei omstridd sak. Ei sak som no ligg til politisk behandling i Miljøverndepartementet, seier Winsents.

Det avviser Sund Fossum.

– Vi ønskjer ikkje å skyve nokon føre oss. Vi ønskjer å vise i klartekst dei mange eigenskapane som titan har, og dette er eksempel på at dette mineralet blir viktigare og viktigare.