Hopp til innhold

Går slalåm mellom brunsniglar på Leikanger

Ein våt sommar har ført til høg brunsnigel-aktivitet på Leikanger. Kommunen lovar å ta grep til hausten.

Brunsnegl på fortau

SNIGELSTI: På gangvegen i Leikanger er det så mykje snigel at ein må passe på kor ein trør.

Foto: Oddvar Flæte

Oddvar Flæte

FORTVILAR: Oddvar Flæte er lei brunsniglar. (Arkivfoto)

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det byrjar å bli så mykje brunsnigel at når ein går på gangvegen, må ein ta steg for steg og plante beina på ein god måte, for å sleppe å trø på dei, seier Oddvar Flæte.

Han har sett seg lei på brunsnigelen som invaderer hagar og gangvegar på Leikanger. Han plukkar ei bøtte med brunsnigel dagleg.

Når ein plukkar 100 til 200 sniglar på ein dag, blir ein relativt godt forsynt. Det er rett og slett ein ufyseleg jobb, seier han. ​

Brunsnegl i bøtte

SNIGELBØTTE: Oddvar Flæte plukkar mellom 100 og 200 sniglar kvar dag.

Foto: Oddvar Flæte

– Kommunen må ta ansvar

– Kommunen har mange eigedommar. Når dei slår graset der og fraktar det med seg rundt om, så er det ei betydeleg smittekjelde.

Flæte håpar kommunen no skal gjere noko med brunsnigelproblemet, slik dei gjorde for fire år sidan.

– Det vart mykje betre, men no har dei kome att. Vi har hatt mykje regn i år, og regn er tydelegvis noko sniglane set pris på. Nokre varme soldagar hadde nok vore ein fordel for alle partar, utanom snigelen, meiner Flæte.

Går slalåm mellom sniglane

Varaordførar Trude Risnes har også lagt merke til dei mange sniglane som har invadert bygda.

– Seinast i går var eg ute og gjekk ein tur. Det er sjølvsagt kjedeleg at ein må gå meir eller mindre i slalåm for å unngå å trakka i sniglane.

Varaordføraren seier at dei no vurderer ein liknande innsats mot sniglane som i 2013.

– I 2013 hadde kommunen ein aksjon som var vellukka. No har det auka på igjen og vi ser at vi treng ein ekstra innsats mot sniglane med jamne mellomrom.

Diverre er det ikkje mogleg å kvitte seg med problemet med ein gong. Ein aksjon mot sniglane bør skje på tidleg vår eller mot hausten.

– Det er då det er tilråda å gjere slike grep, sidan sniglane er små. Så vi må sjå på kva vi klarar no mot hausten, men vi er veldig innstilt på ein større aksjon mot neste år att.

Snigelen ser ikkje grensar

Kommunen har ikkje gjort grep mot sniglar på sine eigne eigedommar.

– Vi har ikkje noko tiltak per no. Det er naturleg at kommunen tek vare på eigne område. Brunsnigelen ser ikkje forskjellen på kommunal og privat eigedom, seier Risnes.

I mellomtida må Flæte og dei andre innbyggjarane på Leikanger halde fram med å plukke snigel. Han anbefaler i alle fall ingen å sove i telt.

Nokon har prøvd å sette opp telt i hagen for å sove ute, men då skal du ha betydeleg med mot. Du kan få ein del våte klemmar i løpet av natta, som umogleg kan vere romantisk.