Hopp til innhold

Går saman om storsatsing i Fjærland

Småkraft AS og Sognekraft AS skal dei komande tre åra investere for ein halv milliard kroner i nye kraftanlegg langs Fjærlandsfjorden.

Avtalesignering mellom Arnulf Røkke og Terje Bakke Nævdal

AVTALEN I BOKS: Marknadsdirektør Arnulf Røkke i Småkraft AS og administrerande direktør Terje Bakke Nævdal i Sognekraft har signert avtalen.

Foto: Pressefoto

Den storstila utbygginga som vil gje stor aktivitet i brebygda, skriv kraftselskapa i ei pressemelding.

Dei seks kraftanlegga vil få ein samla årsproduksjon på 109 GWh, noko som tilsvarar straumforbruket til kring 5500 husstandar.

Krevjande prosjekt

I meir enn 10 år har det blitt jobbar for å etablere ny kraftproduksjon i elvane som renn ned i Fjærlandsfjorden.

– Prosjekta er krevjande både som byggeprosjekt og ut frå krav til lønsemd, slik tilhøva er i energisektoren i dag. Småkraft, som allereie har fått konsesjon på dei seks nye kraftanlegga, og Sognekraft har slege sine ressursar saman og klarar med det å realisere anlegga, seier Terje Bakke Nævdal som er administrerande direktør i Sognekraft.

Det er Småkraft som skal gjennomføre utbygginga av dei seks nye kraftanlegga, som Sognekraft skal ta over nøkkelferdige.

Skal vise minst mogleg

Sidan det er knytt strenge estetiske krav til utbygginga i Fjærlandsfjorden, blir det teke omsyn under bygginga.

– Prosjekta er forma ut med føresetnad om at dei tekniske installasjonane, med unntak av kraftstasjonane, ikkje skal vera synlege frå fjorden. I alt skal det byggjast 12.200 meter driftsvassveg for å få til dette. Av dette skal om lag 7000 meter vere bygd som tunnel og sjakt i fjell, for å unngå synlege inngrep.

Nævdal seier at to av anlegga ligg veglaust til og det må difor byggjast nye kaianlegg for å støtte transporten til desse.

– Gjennom den vel tre år lange byggjetida, vil opp mot 40 personar vera sysselsette, og utbygginga vil gi god aktivitet i Fjærland, der anleggsarbeidarane skal bu.