Hopp til innhold

Går saman om felles profil for reiselivet i Nordfjord

– Det er Nordfjord som er fellesnemnaren vår og vi vil jobbe vidare med ein felles merkevareprofil for heile Nordfjord, seier Marita Lindvik, dagleg leiar i Reisemål Stryn og Nordfjord.

Generalforsamling i Reiseliv Stryn og Nordfjord

ØNSKJER FELLES PROFIL: Reiselivet i Nordfjord har til no vore samla under selskapet og merkevara Reiseliv Stryn og Nordfjord. No ønskjer generalforsamlinga å styrke Nordfjordprofilen.

Foto: Silje Guddal / NRK

På ei generalforsamling i dag var framtida til selskapet Reisemål Stryn og Nordfjord diskusjonstema. Tidlegare har det blitt gjort fleire forsøk på å slå selskapet saman med andre aktørar og å finne eit nytt namn på selskapet.

Heller ikkje i dag vart det teke nokre endelege avgjersler. Det vil skje i løpet av året når styret kallar inn til ei ekstraordinær generalforsamling. Styreleiaren i reiselivsselskapet er likevel nøgd.

Marita Lindvik

NØGD: Ingen endelege vedtak vart gjort, men styreleiar Marita Lindvik er glad for støtta til det vidare arbeidet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi i styret fekk mandat til å jobbe vidare med alle sakene vi behandla, seier ho.

Mellom anna vil dei jobbe for å auke aksjekapitalen. Det vil gjere det lettare å få inn fleire og eigarar med tettare tilknyting til selskapet. I tillegg vil dei jobbe vidare med å få til samarbeidsmodellar med Visit Jotunheimen, Visit Sognefjorden og mot miljøet i Geiranger.

Når det gjeld namneendringa er heller ikkje den i boks. Men generalforsamlinga var einig med styret om at Nordfjord-profilen må bli tydelegare.

– Vi heiter framleis Reiseliv Stryn og Nordfjord, men styret har fått støtte frå generalforsamlinga til å jobbe vidare med «Nordfjord» som merkevarenamn. Det vil vi legge fram som ny merkevareprofil i neste generalforsamling, seier Lindvik.