Samlar kreftene i protest mot fylkespolitikarane

Bransjen, elevar og lærlingar står saman i protest mot at fylkespolitikarane legg ned ei av tre klassar i VG2 Anleggsteknikk.

Jan Erik Øygard og Harald Kvame

STEGLAR: Jan Erik Øygard (t.v.) og Harald Kvame kan vanskeleg forstå kvifor ei av tre VG2 Anleggsteknikk-linjer skal leggjast ned. – Næringa skrik etter fleire fagfolk og lærlingar, seier Øygard.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I fjor søkte 45 elevar på dei 36 studieplassane i Førde og Sogndal. Men no skal ei av to klassar i VG2 Anleggsteknikk ved Mo og Øyrane vidaregåande skule leggjast ned.

Det får både elevar, lærlingar og bransjen til å steile.

– Det er mangel på fagfolk og vi har ingen problem med å rekruttere fleire lærlingar til bedriftene. Behovet er stort, seier dagleg leiar Jan Erik Øygard ved opplæringskontoret for anlegg og bergfag.

Følgjer draumen

Erik Hafstad

LÆRLING: Erik Hafstad er sjølv lærling, og tykkjer lite om vedtaket til politikarane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Erik Hafstad er ein av ungdomane som har gått gjennom utdanninga og no er ute i lære. Han tykkjer det synd om ikkje fleire får følgje draumen om ein jobb i anleggsbransjen.

Sjølv er han både interessert og glad i faget – og glad for sjansen han har fått.

– Då eg tok mitt første år på bygg og anlegg, så var eg skeptisk til om eg kom inn. For då var det berre ein klasse. Eg vart glad då det kom ei klasse til, så det er dumt å leggje den ned no, seier han.

Må ut av fylket

Som Hafstad fryktar Øygard for signaleffekten når opplæringsutvalet no kuttar den eine av tre linjer i fylket. Den frykta deler også Harald Kvame, fylkesleiar i Maskinentreprenørenes forbund.

Med ei linje i Førde blir snittkarakteren høg for å komme inn. Det kan føre til at mange må ut av fylket for å følgje draumen sin.

– Eg har forståing for at dei må spare pengar, men eg trur ein må til med større grep for å spare pengar. Det er ei investering i framtida å satse på linja, seier han.

Har fått ei ramme

Leiar i opplæringsutvalet, Karianne Torvanger (Ap), seier dei ikkje har noko anna val enn å kutte i utdanningstilbodet.

Ho vedgår at utlysingsrunden no er den tyngste noko sinne for utvalet.

– Rammene blir trongare også i vår sektor. Vi har fått ei ramme frå Fylkestinget om å lyse ut 215 grupper. Den må vi halde oss til, og det har gjeve oss utfordringar, seier ho og legg til at det er lite aktuelt for utvalet å følgje kravet om å ta saka opp att.

– Har ei opning

Samstundes presiserer Torvanger at tal søkjarar kan gi grunnlag for nye prioriteringar.

– Vi har gjort vårt vedtak. Det var samrøystes, så vi ser det ikkje som veldig aktuelt å ta saka opp att på nytt. Men det er den opninga som vi har i alle saker på dei tilbod som er lyst ut, at vi justerer når vi ser søkjartalet. Det blir gjort når søkjartala blir kjende i mars neste år, seier ho.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.