NRK Meny
Normal

Går saman for å hjelpe traumatiserte asylborn

Einslege, mindreårige asylsøkjarar med djupe traume, angst og sorg skal no bli møtt på ein heilt annan måte enn før av Helse Førde.

Toril Taklo og Solveig Horstad Berget

TETTARE SAMARBEID: Avdelingssjef for psykisk helsevern for barn og unge, Toril Taklo og Solveig Horstad Berget, avdelingssjef for Barneavdelinga i Helse Førde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Dette er pasientar som har ei utfordring i livet som er heilt ny for oss. Det kan vere at dei ikkje veit korleis familien har det, dei har kanskje opplevd å sjå nære familiemedlemer omkome på vegen hit og dei har ein konstant redsel i høve det dei har opplevd, seier avdelingssjef for psykisk helsevern for barn og unge, Toril Taklo.

– Vi må tenkje i lag

Dei går no saman med barneavdelinga om eit tett samarbeid for å kunne følgje opp dei mindreårige asylsøkjarane, som er i ein heilt spesiell og sårbar situasjon.

– Vi såg at vi var nøydde for å setje oss saman og tenkje noko i lag i høve desse mindreårige som kjem til oss utan foreldre, og som har gått gjennom alvorlege traume. Vi har gått igjennom korleis vi kan sikre behandling og oppfølging av desse. Dette måtte vi tenkje i lag om, slår avdelingssjef for barneavdelinga, Solveig Horstad Berget, fast.

Vil følgje situasjonen tett

Dei to avdelingane i Helse Førde skal ha ein tett dialog og følgje med på korleis utviklinga går i høve kor mange einslege, mindreårige asylsøkjarar som kjem, og kor mange som vil ha behov for spesialisthelsetenester.

– Vi må følgje godt med og tileigne oss den kunnskapen som vi veit vi treng. Det gjeld mellom anna kulturelle forhold, traumebehandling og spesielle somatiske utfordringar. Så må vi leggje til rette slik at vi kan snu oss fort rundt den dagen det er mange som treng vår hjelp, meiner dei to avdelingssjefane.

Tettare samarbeid framover

Torsdag presenterte dei samarbeidsplattforma for styret i Helse Førde, som skal gjelde alle dei yngste pasientane, ikkje berre mindreårige asylsøkjarar. Dei hausta mange lovord for dette frå styremedlemene.

– Dette er jo eit døme på samarbeidet som må vere mellom somatikk og psykiatri. Vi må gå i lag når vi ser at vi må gå i lag, seier Horstad Berget, og legg til at dei mellom anna vil starte opp ei felles traume-utdanning.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote