NRK Meny
Normal

Går på norskkurs, men har ingen å snakke med

Utan venekrinsen og slektningane frå heimlandet, begynte Ahmad Saber Sanad og familien hans å kjenne på ei einsemd dei ikkje hadde visst om.

Ahmed Saber Sanad

PÅ KURS: Ahmed ser fram til å lære seg norsk, men synest det er vanskeleg å lære språket utan å ha nokon å snakke med på fritida.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Ahmad Saber Sanad frå Homs i Syria var letta og glad då han kom til Florø for drygt åtte månader sidan, saman med kona og dei tre borna.

Dei følte at dei hadde fått det fint i Florø, men kjende seg etter kvart meir og meir einsame.

Sanad skreiv då til Firdaposten og fortalde om einsemda han og familien kjenner på, og at dei ynskjer norske vener.

Korleis i all verda kjem vi i kontakt med nordmenn? Vi prøver og prøver. [...] Du føler deg som eit barn igjen [...]. Vi får ikkje venner, berre «kjenningar». Alle er så opptekne med seg og sitt eige liv. Slik er det jo.

Lesarinnlegg i Firdaposten 14.mars 2017

– Vanskeleg å trenge forbi dei venlege frasane.

Sanad er takksam for alt han har fått i Noreg, og synest nordmenn er venlege. Men korleis skal han gå fram for å få vener?

– Eg snakkar med nordmenn, og det vert mest berre "hei, hei".

Tre gonger har eg gått bort til naboen min og gjeve han litt syrisk mat å smake på. Naboen smiler venleg og takkar, men han kjem ikkje med liknande initiativ.

Sanad forstår at folk har eigne planar for kveldane og lite tid til overs på fritida, men håpar at nokon kan ta kontakt med han no etter at han har fått lesarinnlegg på prent.

– Typisk flyttereaksjon

Leiaren ved Innvandrarsenteret i Florø, Arild Melvær, seier det Sanad opplever er ein typisk flyttereaksjon:

Arild Melvær på innvandrersenteret

VANLEG REAKSJON: Arild Melvær seier ein ofte har sett at flyktningar som vert busett i Florø plar verte deprimerte grunna einsemd nokre månader etter at dei kjem til landet.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

Det er vanleg at folk som flyttar til ein ny stad der dei ikkje har nettverk, vert råka av depresjon. Det tek ofte tid å byggje eit nytt nettverk frå null, og når ein då også står utanfor arbeidslivet, so kjem einsemda.

Melvær seier at når det gjeld flyktningar som har funne ei trygg hamn, so slår flyttereaksjonen inn etter ei stund. Gradvis kjenner ein meir og meir på saknet etter kjende og kjære frå heimlandet, og innser at ein ikkje får det gamle livet tilbake. Då vert det svært viktig å finne nye, gode veneer.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.