Hopp til innhold

Går på bana med livet som innsats

Kjempesmellen mot Brann er allereie gløymt i Sogndal-leiren og kaptein Henrik Furebotn lovar at spelarane skal gå på bana med livet som innsats når dei møter Lillestrøm søndag kveld.

Tonny Brochmann Christensen, Henrik Furebotn, Ulrik Flo og Eirik Skaasheim

SLIK VIL DEI VISE SEG: Henrik Furebotn (andremann frå venstre) håpar at folk skal få sjå eit lag som vinn duellane og kampen når dei gjestar Lillestrøm i kveld.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sogndal kollapsa fullstendig i kampen mot raudtrøyene onsdag kveld. På berre 12 minutt putta Brann inn fire mål, og Sogndal-kapteinen var nesten flau på vegner av laget etterpå.

Når laget frå saftbygda går på bana mot Lillestrøm klokka 18 søndag kveld, håpar Furebotn at folk skal få sjå andre takter.

– Eg kan ikkje love noko siger, men vi skal gå utpå med livet som innsats og gjere alt vi kan for å få med oss mest mogleg poeng heim, seier Furebotn til NRK.no.

Ser framover trass motgangen

Med to kampar att av vårsesongen kjempar Sogndal om viktige poeng i kveld. Etter at dei overraska stort i sesongstarten har det deretter gått dårleg den siste tida.

Både Strømsgodset og Viking fekk has på dei kvitkledde, og 16. mai gjekk Sogndal på ein kjempesmell i Bergen.

– Det er godt at det kjem ein ny kamp så pass fort. Vi har allereie gløymt Brann-kampen, seier Furebotn.

No håpar han at laget kan få seg ei god oppleving slik at dei går inn mot vårsesongen sin siste kamp med sjølvtillit.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann jublar - Sogndal deppar

DEPPA: Med grunn deppa Sogndal-spelarane etter det stygge tapet mot Brann for berre nokre dagar sidan.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Klar for jamn kamp

Etter det stygge tapet har Sogndal-laget snakka om både det eine og det andre, fortel Furebotn. Han sakna mellom anna at spelarane gjekk skikkeleg inn i duellane og var ikkje nøgd med den kollektive innsatsen.

– Vi har snakka om mykje og så får vi sjå i kveld om det har gått inn i hovudet på oss. Eg håpar det har det, seier kapteinen.

At det blir ein tøff og jamn kamp er han heilt sikker på. Lillestrøm har tapt fire kampar og spelt uavgjort like mange. Den første sigeren kom borte mot Viking onsdag.

– Dei fekk sin første trepoengar sist kamp og har vist mykje bra spel i det siste. Det blir ein tøff kamp for oss, men vi satsar sjølvsagt på at det er vi som tek med oss poenga, seier Furebotn.

Har press på seg

Både Sogndal og Lillestrøm har mykje press på seg føre kampen, og begge må vise kva dei er gode for.

– Eg trur Lillestrøm tenkjer mykje at dei må begynne å ta poeng på heimebane. Til lenger tid det går, til større press blir det på det, og det må vi prøve utnytte, seier Furebotn.

Eit pressa Sogndal-lag må setje sjansane sine skal dei ha sjansen, meiner han.

– Det er viktig at vi set dei sjansane vi får, og klarar å snøre att bak. Det har runne inn litt for mykje i det siste, vedgår han.

Utan Patronen

Og det kan bli tøft å stengje att for Sogndal. Hannu Patronen har vore ein særs viktig mann i forsvaret, men blir ikkje med til Lillestrøm. Han forlet Brann stadion på krykkjer og skaden i okla gjer at han må stå over.

– Det er han som har vore den store sjefen bak. No får nye sjansen til å vise seg fram og vonleg saknar vi ikkje Patronen så mykje, seier Furebotn.

Det var laurdag også uklart om Ørjan Hopen vart med til Lillestrøm. Ifølgje Sogn Avis skal Hopen ha gått av treninga med eit virus.