NRK Meny
Normal

Psykisk sjuke utstilte for uvedkomande, hevdar tilsette

Psykisk sjuke pasientar blir nærmast utstilte for uvedkomande og personvernet blir ikkje godt nok ivareteke. Det hevdar tilsette ved Nordfjord psykiatrisenter.

Nordfjord Psykiatrisenter

BYGDE OM: Etter ei ombygging er ikkje dei tilsette ved Nordfjord Psykiatrisenter nøgde med personvernet.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Denne verda er ikkje ideell. Dette var det beste vi fekk til då vi skulle byggje om avdelinga. Det var ikkje godt slik det var heller, seier seksjonsleiar Jorunn Sandvik.

Krast brev

Kritikken mot for dårleg personvern kjem fram i eit brev frå seks tilsette til leiinga ved psykiatrisenteret. I brevet heiter det mellom anna: «Problema handlar både om at pasientrom og behandlarkontor er i same fløy, og at uvedkomande og andre har tilgang til fløya. Polikliniske pasientar på veg til samtaler/møter forvillar seg inn i korridoren. Besøkande blir unødig eksponerte for pasientar som fungerer dårlegast».

Det går ut over pasientane sin rett til verdigheit når dei blir eksponerte for uvedkomande i ein ekstra sårbar fase av livet.

Brev frå tilsette

– Pasientar blir utstilte

Vidare heiter det i brevet: Forholda bidreg til at uvedkomande får kjennskap til kven som er innlagde. Dårlig fungerende pasienter er nærmest «utstilte til allmenn beskuelse" når døra til rommet står open. Dermed er pasientane sitt personvern ikkje i tilstrekkelig grad ivareteke. Det går utover pasientane sin rett til verdigheit når dei blir eksponerte for uvedkomande i ein ekstra sårbar fase av livet.»

Ombygging måtte til

Sandvik fortel at regelverket krev at psykiatrisenteret må ha universelt utforma rom til mellom andre funksjonshemma. Ei ombygging måtte til, og tre kontor er no omgjorde til to pasientrom. Ombygginga stod ferdig på vårparten i fjor.

– Situasjonen er ikkje ideell, men vi er veldig opptekne av at pasientane skal ha det bra. Vi er også opptekne av at dei tilsette skal ha arbeidsro. Eg er ikkje uroa over korleis pasientane våre har det i dag. Vi er i ein god dialog med dei tilsette og reknar med vi skal kome fram til ei god løysing for alle partar, seier ho.

– Men det står i brevet frå dei tilsette at personvernet ikkje blir godt nok ivareteke med dagens løysing. Kva kommentar har du til det?

– Vi må heile tida jobbe for at personvernet skal bli godt nok vareteke. Dette er ikkje noko lukka institusjon og vi er opptekne av at det skal vere ope her. Samtidig kan pasientar av og til vere veldig sjuke. Då er det ikkje heldig å vere i kontakt med uvedkomande. Dei ønskjer det heller ikkje sjølv, seier ho.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.