Går over breane for klimaet

BØYABREEN (NRK): – Breane er termometer på klima. No har statssekretær Atle Hamar gått i ti timar over dei.

Atle Hamar på brevandring

SETTE OPP SKILT: Statssekretær Atle Hamar (V) fekk i oppdrag å setje opp to nye skilt i nasjonalparken.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

– Det vi politikarar gjer er viktig for å auke interessa og setje søkjelys på problematikken, seier statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Atle Hamar (V).

Då han la ned grunnsteinen på Tungestølen i fjor uttala han at han skulle gå frå Jølster til opninga av stølen i Veitastrond året etter. Turisthytta var den eldste i Noreg, og vart øydelagd av uveret Dagmar i 2011.

– Eg gjer dette fordi eg lova at eg skulle gå den historiske ferdselsvegen, så viser det seg at grunna klimaendringane er ikkje den vegen farbar lengre. Det er eit prov på at klimaet endrar breane, seier Hamar.

Atle Hamar på brevandring

FYRSTE ETAPPE: Turfølgjet på den ti timar lange vandringa.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

No har dei delt opp turen i to etappar. Fredag denne veka gjennomførte han fyrste etappe i brevandringa. Neste tur skal dei gå dagen før dronning Sonja skal opne den nye Tungestølen 5. september. Då skal dei gå frå Fjærland over Supphellenipa og ned til Veitastrond.

– Eit grep for klima

Fleire isbrear har minka dei siste ti åra. 8. august la FN fram ein ny klimarapport som fortel at vi treng ei radikal endring i blant anna matproduksjon.

Bøyabreen

TREKKER SEG TILBAKE: Bøyabreen er blant dei som har minka dei siste åra.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Nasjonalparkforvaltar for Jostedalsbreane, Maria Knagenhjelm, var ei av dei var med og losa statssekretæren over breane. Ho fortel at å turen gav mange tankar om levesettet vårt og korleis menneske endrar naturen.

Nasjonalparkforvaltar Maria Knagenhjelm

GJER INNTRYKK: Nasjonalparkforvaltar Maria Knagenhjelm bidrog med informasjon om arbeidet dei gjer for å bevare naturmangfaldet.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

– At breane smeltar er kanskje det mest tydelege teiknet, men det er så mange andre ting vi ikkje ser. Meir forsking og meir overvaking tenkjer eg er viktig, seier Knagenhjelm.

Også Anne Rudsengen i Statens naturoppsyn var med. Ho gav Hamar i oppgåve å byte ut skilt på kvar side av nasjonalparkgrensa.

Må gjere alt vi kan

– Vi politikarar må gjere alt vi kan for å nå 1,5 graders målet som vi er einige om internasjonalt for å unngå miljøkatastrofe i verda, seier Hamar.

Han legg til at enkeltpersonar må sjå på eige forbruk, og har tru på å reparere gamle ting og ikkje kjøpe klede frå Kina.

Atle Hamar

MÅ TA GREP: – Det gjorde mest inntrykk å sjå korleis breane ser ut no, seier Hamar (V) etter vandringa.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Hamar stiller no til val som ordførarkandidat for Venstre i nye Sunnfjord kommune. Han håpar folk vil reagere positivt på at han set fokus på klima og miljø ved å ta turen over breane.

– Er dette eit stunt i samband med valkampen?

– Eg tok opp dette i fjor, då var det langt unna valkampen, seier Hamar.

Har sett breane i endring

Breførar Gaute Dvergsdal Bøyum starta å gå over breane allereie i 15- årsalderen, og går turen eit par gonger i året.

Gaute Dvergsdal Bøyum

MÅ LEGGE TIL RETTE: Gaute Dvergsdal Bøyum er breførar. Han meiner det må bli betre lagt til rette om dei skal ta imot fleire turistar på breane.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

– Dei minkar veldig, spesielt brearmane. Det er veldig trist at desse juvelane blir borte, fortel Bøyum.

I ein tilegare versjon av saka skreiv vi Fjærlansdalen. Feilen er no retta.