Hopp til innhold

Endeleg opna vegen til tilflyttingsbygda

SOLUND (NRK): Det finst tallause bygder og grender der berre slitne hus som står att viser at det ein gong var yrande liv på staden. Slik kunne det gått med Tangenes også.

Vegopning Tangenes

HER OPNAR VEGEN: Arnstein Menes (leiar i samferdsleutvalet i fylkeskommunen) klipper snora, og Ole Gunnar Krakhellen (avtroppande Høgre-ordførar i Solund) held mikrofonen. Frå venstre i bakgrunnen: Pål Ryland, Oda Ryland, Trude Søilen, Jenny Storøy (innbyggjarar på Tangenes).

Foto: Arve Uglum / NRK

Historiene om sentralisering og avfolking – grender og bygder som står att utan folk – er mange. På Tangenes i Solund går det motsett veg.

– Dei har gått frå tre til ti innbyggjarar. Ein familie på fem kjøpte gard, og flytta hit for fire år sidan. Seinare kom eit anna ungt par og slo seg ned, seier ein glad avtroppande ordførar, Ole Gunnar Krakhellen (H).

Han har i dag sett den veglause grenda, som ligg heilt nord på Rånøyna i Solund kommune, bli knytt til resten av kommunen og omverda.

Vegopning Tangenes

FEIRING: I dag kunne innbyggjarar i Solund og politikarar feire. For endeleg er den nye kommunale vegen frå Dalesund til Tangenes opna.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Ein ny kvardag

Med dei to familiane på plass, kom ønska om anna samband med omverda enn båt. I seks år har kommunen jobba med dette.

– Ja, dette er ein overgang frå avsides til tettare knytt til omverda. Men det er framleis idyll. Eg vil seie ein lettare tilgjengeleg, idyllisk plass, skildrar Krakhellen.

– Innbyggjarane på Tangenes, og dei tre skuleungane og barnehageungen, kan reise fram og tilbake litt friare enn når dei måtte ha båt. Det blir ein ny kvardag, seier ordføraren.

Veg til Tangenes

4.210.000: Vegen har kosta fire millionar to hundre og ti tusen kroner, og er eit spleiselag mellom innbyggjarane, kommunen og fylkeskommunen. Solund kommune og Tangenes Veglag kunne i dag feire. For endeleg er den nye kommunale vegen frå Dalesund til Tangenes opna.

Foto: Pål Ryland

2,8 kilometer veg – og meir skal det bli

Prislappen for dei 2,8 kilometrane er noko over fire millionar kroner.

Innbyggjarane har betalt litt over ein million til saman. Kommunen betalar ein million. Dei siste to millionane gir fylkeskommunen i årlege tilskot dei neste ti åra, ved at pengar som skulle gått til skuleskyss med båt blir brukt til vegen.

Men det stoppar ikkje der.

– No endar vegen eit stykke frå husa i grenda. I lag med innbyggjarane skal vi byggje litt til, slik at det blir endå betre og lettare å kome seg fram. No har vi funne pengar, 300.000 kvar frå kommune og grunneigarane, seier Krakhellen.