Går mot straumen – produserer og foredlar fisk lokalt

BULANDET (NRK): Aldri før har det vore meir lukrativt å produsere sjømat. Det merkar dei også på Bulandet i Askvoll. Der blir nesten alt produsert og foredla lokalt.

Bulandet Fiskeindustri

LOKALT: Ingenting blir sendt til utlandet for foredling. Ved Bulandet Fiskeindustri blir alt gjort lokalt.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg meiner det er heilt innlysande. Vi har jo råstoffet rett utanfor stovedøra, så det er her det bør foredlast, absolutt alt, seier Per Arild Tysse, fabrikksjef ved Bulandet Fiskeindustri.

Fiskefiletar strøymer opp og ned rullebanda i Askvoll. Her har dei halde produksjonen i gang – og lokal – sidan 1972. Båtar leverer fisken, som blir sløya, oppskoren og rulla inn i kavring. Ingenting blir sendt til utlandet for foredling.

Bulandet Fiskeindustri

PRODUKSJON: Fiskefiletar strøymer opp og ned rullebanda i Askvoll.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Mot marknadane som betaler

Tysse fortel om svingingar opp og ned i denne bransjen, og at dei heile tida forsøker å tilpasse seg marknaden.

Per Arild Tysse

OPP OG NED: Fabrikksjef Per Arild Tysse håpar nokon klarer å finne nøkkelen til korleis ein skal gjere det lønsamt å både produsere og foredle lokalt.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Men kvalitet er vårt fokus heile tida, og det er slik me må skilje oss ut. Me har òg ein kunnskap om råstoffet. Det gjer at me kan styre produkta inn i dei marknadene som betaler litt meir enn andre, seier han.

Dei marknadene finn dei stort sett i Noreg. Difor er det også mindre aktuelt for dei å foredle fisk i utlandet.

Sett pris på norsk foredling

Norsk sjømat blei produsert og eksportert for rekordsummar i 2018. Næringa er verdt 99 milliardar kroner – 4,6 milliardar kroner meir enn året før. Mange vel å satse på produksjon i Noreg.

Renate Larsen

GLAD FOR GODE TAL: Renate Larsen, administrerande direktør, Noregs sjømatråd.

Foto: Rune Nordgård Andreassen

– Det dei gjer på Bulandet er heilt fantastisk, og fleire ønsker å gjere det slik. Eg trur både forbrukarane og dei som jobbar med det sett stor pris på det, seier administrerande direktør Renate Larsen i Noregs sjømatråd.

Ho seier det er god aktivitet i Noreg, men håpar endå fleire ser potensialet i å leggje foredlinga lokalt.

– Kanskje fleire burde sjå korleis aktørar som Bulandet gjer det.