Hopp til innhold

Går mot skulenedlegging i Vågsøy

Kommunen er i gong med nye rundar om nedlegging av skular.

Skram skule i Vågsøy.

Det kan bli ein storskule i Deknepollen i Vågsøy. Då vil Skram skule, bilete, forsvinne.

Foto: Bjarne Eldevik

- Vi har vanskelege avgjerdsler vi skal ta, seier ordførar Roger B. Silden i Vågsøy.

Vurderer skulane på ny

Ordførar Roger B. Silden i Vågsøy

Ordførar Roger B. Silden i Vågsøy

Foto: Håkon Eltvik / NRK

Etter mange år med opprivande skuledebattar ønskjer Vågsøy kommune på nytt å sjå på skulestrukturen.

- Vi har fått ein del tal på bordet. No skal vi bruke dei, og gjere nokre val. Så må vi ha nokre diskusjonar kring dette, seier ordføraren.

Har fleire alternativ

Vågsvåg skule i Vågsøy

Vågsvåg skule i Vågsøy

Foto: Ottar Starheim / NRK

I fjor vart det med naud og neppe unngått at Holvik og Bryggja skular vart lagde ned.

No har ordførar Silden, på oppdrag for kommunestyret, utarbeidd fleire alternativ til korleis skulestrukturen i kommunen skal vere. Eit av forslaga er å legge ned samtlege skular og bygge ein ny storskule i Deknepollen.

Tøff haust

Tidlegare Vedvik skule i Vågsøy

Tidlegare Vedvik skule i Vågsøy

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Vi som kommune må som alle andre gå gjennom budsjettet og gjere vanskelege val, seier Silden.

Silden fryktar at budsjettrunden i haust vert beintøff.

- Ja, det trur eg det blir.