Hopp til innhold

100 tilsette har fått permitteringsvarsel ved vindaugefabrikk

Noregsvinduet Bjørlo AS på Nordfjordeid har sendt ut permitteringsvarsel til alle dei rundt 100 tilsette.

Norgesvinduet Bjørlo på Nordfjordeid

SENDER VARSEL OM PERMITTERING: Norgesvinduet Bjørlo AS på Nordfjordeid har sendt ut permitteringsvarsel til alle dei rundt 100 tilsette på grunn av færre oppdrag.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Byggjebransjen i Sogn og Fjordane har varsla at det går mot skralare tider fordi bygginga av nye bustader har stoppa opp.

Men dagleg leiar i Norgesvinduet Bjørlo, Roald Starheim, seier han ikkje er bekymra, og at det er vanleg å sende permitteringsvarsel på denne tida av året då det er få oppdrag.

– Vi har ikkje gått inn i diskusjonar med den enkelte og vurdert spesifikk kor mange som eventuelt skal permitterast, men vi har varsla alle at det går mot mindre aktivitet til vinteren, seier han.

Tenar mindre pengar

Starheim seier det pleier å vere mindre aktivitet i byggjebransjen om vinteren.

– Vi er alltid uroa når den bransjen slit. Negative spådommar har ein tendens til å bli forsterka undervegs. Men enn så lenge held vi oss til at nedgangen er ei sesongsvinging, seier han.

Bedrifta reknar med eit vanskelegare år fordi det er hardare konkurranse frå utanlandske aktørar. Det betyr at dei må tilpasse prisnivået på ein heilt annan måte.

– Prisen er lågare i dei store prosjekta, spesielt merkast det på innteninga. Men klarer vi å tilpasse oss marknaden og halde prisane ned, går det an å klare seg.

NAV merkar nedgang

I denne bransjen er det no rundt 130 arbeidsledige i Sogn og Fjordane. Frode Henden i NAV Sogn og Fjordane seier ein mest sannsynleg vil sjå ei auke i løpet av våren.

– Vi har ein litt større auke i arbeidsløysa i denne næringa samanlikna med resten av bransjane i fylket. Nasjonalt har det vore stor merksemd rundt fallet i bustadbygging, Vi må kanskje rekna med ei auke i permitteringsvarsel fram mot våren, seier han.