NRK Meny
Normal

Går mot partiet: – Kommunesamanlåing er sidespor for Venstre

– Iveren for kommunesamanslåing i Venstre er eit feilslått sidespor for partiet. Det seier Vik Venstre i eit oppgjer med eitt av partiet sine viktigaste saker.

Morten Holmberg

FEIL FOKUS: Morten Holmberg i Vik Venstre meiner det er viktigare å tenkje arbeidsplassar enn kommunegrenser.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det har eg sagt tidlegare og meiner det framleis. I kommunegrensesamanheng må det gjerast endringar, men å ha hovudfokus på dette når ein no går inn i ein valkamp er ikkje lett, seier lokallagsleiar Morten Holmberg i Vik Venstre.

Venstre har lenge ivra for færre og større kommunar. Dei har pressa heilhjarta på for den varsla kommunereforma.

Brukar for mykje tid på grenser

Men no tek ein av deira eigne tillitsvalde eit oppgjer med kongstanken. Leiar Morten Holmberg i Vik Venstre vil noko heilt anna.

– Spørsmålet mitt er om vi brukar for mykje tid no på å diskutere kommunegrenser og slike ting i staden for å diskutere det som verkeleg teller. Då tenkjer eg på det å skape arbeidsplassar sjølv. Det er god venstrepolitikk å rette ei hand i vêret og finne gode løysingar sjølv, seier han.

Venstre vart nest største parti i Vik ved sist val med over 22 prosent og fire i kommunestyret. Han vedgår at han no trampar i utakt med partiet sitt.

– Jau då, men i venstre så er det stor takhøgd, seier han.

Blir partilaus om du er einig i alt

Gunhild Berge Stang

STOR TAKHØGDE: Fylkesleiar Gunnhild Berge Stang opplever ikkje at Holmberg trampar på partiet.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Fylkesleiar Gunhild Berge Stang seier dei toler slike utspel.

– Vi i Venstre trampar i veg utan at det vert oppfatta som tramping. Det er kanskje der skilnaden på Venstre og andre parti ligg. Eg opplever ikkje at han trampar. At han meiner det og eg meiner noko anna er ikkje noko stort problem i Venstre. Det som er viktig er å ha fokus på kva som gir dei beste førstelinjetenestene, seier Berge Stang.

Ho meiner at det å finne eit parti som meiner alt det du sjølv meiner utan å vere ueinig i noko, så vert ein partilaus.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.