NRK Meny
Normal

Går mann av huse for «Black Friday»

Det amerikanske handlefenomenet «Black Friday» har nådd Sogn og Fjordane. På Amfi Sogndal ventar dei over 13.000 kundar innom i løpet av dagen.

Wilhelm Tangerud

KLAR: Senterleiar på Amfi Sogndal, Wilhelm Tangerud er klar for å ta imot alle kundane på «Black Friday»

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi gjorde eit prøveprosjekt med «Black Friday» i fjor og det vart ein kjempesuksess. I dag ventar vi rundt 13.000 kundar innom senteret. Det er nesten dobbelt så mange som det bur i kommunen, seier senterleiar på Amfi Sogndal, Wilhelm Tangerud.

«Black Friday» er ein amerikansk tradisjon som markerer starten på julehandelen og dei siste åra har fleire norske butikkar og kjøpesenter kasta seg på trenden.

Lite handgemeng

I USA er «Black Friday» den største handledagen i året og på nettet ligg det fleire videoar av kundar som endar i handgemeng for å sikre seg dei beste varene.

– Om det skjer her så bryt eg inn og så er det stein-saks-papir som avgjer kven som får vara, seier Mats Gunnarskog som er butikksjef på XS data og multimedia.

Gunnarskog er spøkefull i tonen, men han likar konseptet med «Black Friday».

– Det er ei god mogelegheit for oss til å visa fram kva varer vil har tilgjengeleg, seier Gunnarskog.

Mats Gunnarskog

RIKT UTVAL: Butikksjef XS data & multimedia, Mats Gunnarskog seier marginane er små i bransjen. - Det er ikkje alle tilbod ein kan matche sjølv om me prøver, men det er ein god måte å få visa fram sortimentet i butikken.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Siste tilbodsdag før jul

På Amfi Sogndal er «Black Friday» den siste dagen med tilbod før jul. I tillegg til ekstra gode tilbod vert det heldt nattope.

– Dette er den siste dagen med tilbod før jul. Vi forventar å omsette for 300 prosent meir enn ein vanleg fredag. Det er om lag sju millionar kroner, seier senterleiar Tangerud.

Han meiner tradisjonen er komen for å bli i norske butikkar og handelshus.

– Jul handlar jo om å slappa av med familien og nyta høgtida i fred og ro. Vert det ikkje feil å innleia det med ein kjøpefest?

– No kan folk gå hardt ut, få kjøpt julegåver tidleg til ein god pris og så kan dei slappa av fram mot jul, seier XS data og multimedia-sjef, Mats Gunnarskog.

Evin Ibrahim

Tilbod er alltid bra

Ei av dei som hadde tatt turen til Amfi Sogndal fredag formiddag for å sjekke ut tilbod var Marianne Steinsøy.

Marianne Steinsøy

NY TV: Marianne Steinsøy nytta tilboda på «Black Friday» til å leite etter ein ny TV.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi har nettopp kjøpt nytt hus, så vi treng møblar og sånn. Eg ser etter kva dei har tilgjengeleg, seier Steinsøy.

Er det noko spesielt du er på utkikk etter?

– Først og fremst ser eg etter ein ny TV, seier Steinsøy.

Steinsøy har vore tidleg ute med julegåvehandelen i år, og har berre ei gåve att før ho er ferdig. Ho har ingenting imot at den amerikanske tradisjonen har blitt innført i Norge.

– Tilbod er jo alltid bra det, seier ho og ler.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.